Mat

Grenadillaen: tøysepassionsfrukt

Enkelte kilder vil ha det til at grenadilla betyr “lite granateple” og at grenadillaen heiter det den gjer fordi den liknar på granateplet i form. Underleg teori spør du meg. I alle fall tilsynelatande har dei to lite med kvarandre å gjere, både i form farge og innhald. Grenadillaen er litt oval i det. På storleik med eit egg og knall orange i skalet. Skalet er  tynt, men hardt, og nesten litt plastikkaktig og hult når ein kakkar på det.

Grenadillaen vekst på tre. Interessant nok er det heller lite å finne om frukta når ein søker på grenadilla på Google. Til gjengjeld kjem det opp massevis av sider som fortel om treblåsinstrument, og spesifikt klarinettar, som visstnok tradisjonelt ofte har vore laga av grenadillatre. Nettstaden “The Grenadilla Myth” kan informere om at det slettes ikkje er noko magisk ved klarinettar som er laga av grenadilla reint musikalsk, til skuffelse for treblåsentusiastar i det ganske land og utland.

Slike morofaktum ligg likevel litt på utsida av vårt umiddelbare gjenstandsområde. Tilbake til frukta. Etter å ha splitta herlegdomen i to blir det straks klart at dette er ei frukt som har betraktelig mykje tydlegare slektskapsband til passionsfrukta enn til granateplet. Innhylla av mjulke og saftige fruktkjøthylster finn vi her ein heil liten skokk av til forveksling lik ei bleikare utgåve av dei ein brukar å møte på på innsida av ei passionsfrukt.Dette er gøy! Frøa heng saman. I barnsleg forskingsiver gir eg meg til å heise frøa opp og ned på ei skei innan sjølve smaksevalueringa. Erfaringa er at når så gøyale frukter er så mykje mindre kjent enn slektningane sine så må det vere fordi dei ikkje har særlig mykje å kome med smaksmessig.

Og heising er gøy. Med frukter som denne er spenstevaluering av innhaldet per skei og gaffel nesten å rekne for oksydering av vin. Det er uvisst kor mykje det har å seie for smaken, men ritualet er naudsynt for å få den rette alvorsstemninga over seg når ein introduserer fruktsubstans for smakslaukar.

Som sagt som gjort. Siste balansekunstframsyning fører frøa til gapet… Hah, dette var ein luring!

Sjølge frøa i grenadillaen viste seg å vere ekstremt sprøe og smake nesten ingenting. KNAS-KNAS-KNAS. Fruktkjøtet rundt er derimot veldig delikat. Ganske likt passionsfrukt, men ein del mildare og litt søtare kanskje? Interessant. Eg veit ikkje om det blir ein gjenganger, men dette var mykje moro for lite grunkar, så sånn frå tid til anna kan vi sagtens koste på oss ein rakkar av dette slaget.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s