Kvardagsfilosofi, Mat

Kjøleskåpsrydding, laurdagsedition

Det er ikkje alltid desperate forsøk på å lage god mat av fråvérande ingrediensar er ein braksuksess, snarare tvert imot, men denne laurdagen synest eg eg hadde hellet med meg. I utgangspunktet hadde eg mest lyst på eitt eller anna ostebasert med minimal innsatsfaktor. Ned frosenpizza-gata, eller til naud kanskje noko basale pastagreier. Men denslags draumar sette innhaldet i kjøkkenrommet ein brå stoppar for. Ingen pizza i sikte. Ei einsleg boks hermetiske tomatar, men ikkje noko stasj å kombinere den med. Ost, men ingen lauk. Motet fall.

Det einaste substansielle fryseboksa kunne skilte med i dag var eit einsleg andebryst, som hadde gøymt seg vekk under ein pose jordbær sidan før jul. Sett slikt! Forsovidt ikkje noko stort vonbrot det, eg kan godt slå emg til ro med litt fransk fjørkre om ferdigmaten uteblir. Spørsmålet var så kva i huttigheita eg skulle kombinere det med. Det heilt openbare ville ha vore ei eller anna form for rotfruktbasert attåtblande og kanskje noko fløytesaus, men kontra vanen var huset kjemisk rensa for både lodne mjølkeprodukt og rotfrukter (* 1 stk. litt dvask og uappetitleg raudbete eksklusive).

Det var like før eg slo meg til ro med ei brødskive, noko som ville ha vore eit lågmål for ein elles fin laurdagskveld, men nett då frustrasjonen var på sitt verste kom eg over ein pakke bygggryn. Hurra! Naud lærer naken kvinne osv.! Like etter fann eg Martini i barskåpa, og grapefrukt i fruktskåla, og til alt overmål ein kvast selleri! Ein har då ikkje noko å klage over då!

Resultatet vart følgjande prydtalerken:

  • Smørsteikt andebryst
  • 1/2 avakado
  • Ein haug med grapefruktbåtar (nesten betre enn appelsin til formålet, skulle det syne seg)
  • Ein martini-oppkvikka slump kvitsaus
  • Kokte byggryn steikt i andesky og kvitlaukgraps
  • Selleri
  • Nokre skeier skyr

*Særs nøgd kjøkkenstyrerske klappar seg sjølv på skuldra.

Laurdagskvelden redda! Og så var det berre å lene seg attende med eit glas raudvin og sette Nicolas Jaar på loop:

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s