Kvardagsfilosofi

Stemningsbilete og nyttårshelsing!

Årets stemningsbilete frå julefeiringa i Pe-garden. Etter lengre tids kamp mot ein motvillig juletrefot og ei sensasjonelt stikkete siktagran kan mor endeleg legge siste hand på verket, med strikka julekuler og 20 år gamle heimelaga fyrstikkstjerner plassert på dei mest sentrale greinene. Treet får stå til “trettande dag jul” også i år. Om ikkje kattane veltar det før den tid.

Neste år satsar eg på å kome heimom i tide til sjølve juletrehentinga òg. Kanskje vi skulle ha prøvd oss på ein einekage? Det skulle tatt seg ut! Men furu kanskje… Ei litt stutttjukk ei, med kledelege kongler her og der. Det kjem til å bli fint. Enn så lenge får vi freiste å gjere så godt stell som mogleg ut av 2012. Mitt einaste nyttårsforsett i år er å sove meir, så trur eg mykje av det andre vil kome i gjenge av seg sjølv. Vi får sjå med tida i kva grad løftet let seg innfri, men meir generelt sett var det med heva munnvikar eg iakttok fyrverkeriet i år. Godt år, folkens! Eg trur dette blir eit av dei betre!

Standard

One thought on “Stemningsbilete og nyttårshelsing!

  1. Birgit seier:

    Einekage kan eg godt vere med på Hjørdis ……..eg veit om eit par som kunne egne seg. Tenk kor godt det ville lukte i huset:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s