Kuriosa, Kvardagsfilosofi

Dagmar og tidsreiser

Det er seint romjul, eller nesten nyttår, og om ikkje lenge skal livet vende attende til det normale att. Gjeremål som skulle ha vore utført for lenge sidan pressar seg på gjennom dataskjermar og flybillettar. Om ein hurtigrutetur og ein sprudlevin-rus er det vaksenliv og samtid som gjeld. Men for nokre få små timar enno sit eg fast i ei meir diffus tidslomme, i nærleiken av ein forblåst holme på ytre Sunnmøre.

Dagmar gjorde reint bord på det meste av Vestlandet denne jula. Orkanar har vi hatt før, men det er lenge sidan sisst no og sjølv om eg ser dei praktiske ulempene vindkasta førte med seg og har det illt med alt av hus og eigendom som vart øydelagt for folk, kjenner eg samstundes at det var godt å høyre husa synge igjen for ei tid. Barndommen rykkjer nærare. Medan eg enno luska rundt med knallrosa sheroxar på fotane og hadde tjukke lyse musefletter i håret, var styggevér standard prosedyre kvar jul. Eit kvitt dekkje på plenen var inga sjølvfølge, men motvindsregnet og overfløymde markar i adventstida derimot, det hadde vi mest alltid. Vi var oftare utomhus for å sjå på båra enn for å gå på ski dei første åra eg hugsar og fullkomen julesteming vart det heller aldri før hovudsikringa heime takka for seg og eitt eller fleire familiemedlem vart utskremd på tiggarferd i bygda for å finne reservar. Ei rett god unnskyldning til å helse på grannane i høgtida. Det var sjølvsagt aldri noko ein kalkulerte med, men bra gjekk det alltid, gjennom samarbeid med levande lys og eit fleirtal velfyrte eldstader.

Eitt år, nærare nyttårskvelden hausta vi hagl så store som klinkekuler på plenen og fraus dei ned i isbokser som bevismateriale i tilfelle nokon seinare skulle benekte dimensjonane. Vi ville lage skøytebane i andedammen og klipte av nettingen med saks. Det var same året som Lillehammer-OL og same vinteren som eg såg min første kinofilm på det lokale forsamlingshuset, trygt plassert med kulerunde auge på skuldrane åt far min. Trur eg… eller var det året før, eller året etter? Det er ikkje godt å seie. Alt flyt saman så langt attende i tid og alt eg minnest tydeleg er alle dei små augeblenkane som gjer livet minneverdig. Om eg var 5 eller 7 år verkar sekundært. Nostalgien rammar aldri kronologisk.

Å kome heim til jul er alltid ei reise i tid; Eldre sambygdingar spør deg kva foreldra dine heiter på samvirkelaget, mjølka smakar betre, funnet av eit daudt datadyr i nattbordskuffa på barndomsrommet minner deg om vener som forsvann ut av syne innan du vart tørr bak øyro, medan hushjørne langs nestevegen vekker minner om vonde sko og underlege samtalar med menneske du sidan aldri kjem til å gløyme. Det spelar inga større rolle her, at livet ditt tok nye retningar seinare og det er på mange måtar rett fint. Av og til er det kjekkare å gjere tidsreiser enn å vekse frå det.

Eitt av dei sterkaste minna eg har frå nyttårsorkanen i 92 er fergereisa heim frå lengre tids besøk hjå slektningar på lengre nordpå. Eg hugsar kvalma som bygde seg opp i baksetet. Nistepakkeskiva som skubba meg over kanten og den skjebnesvangre fergeturen som markerte byrjinga på ei vekes samanhengande omgangssjuke av verste sort for samtlege familiemedlemmar. Det ser heldigvis ut til at sjøreisa eg skal ta fatt på sørover no i kveld kjem til å å bli langt meir komfortabel. Og godt er det. Nok ein juleferie finn vegen attende til notida gjennom den langsomme overgangen frå vaken tilstand til søvn i ein dunkelt opplyst krok av hurtigruta. Dette er vel kanskje mest ein rulletekst.

Standard

One thought on “Dagmar og tidsreiser

  1. ida seier:

    åh! på Voss vart det lite nostalgi utan snjo. også eg som hadde gledd meg i dagevis til å skri i tog med akebrett! slik nabojenta inviterte meg til ein adventskveld då eg endå sat og sturde i Bjørgvín. men eg har då i minsto eit godt flaumminne som Dagmar aktualiserte: den gongen me var bort til brua for å sjå på elva.

    seinare kan me tenkja på joli 2011 som den joli det gjekk ras i fjellet ovanføre oss for typ andre gong i manns minne. dette var det berre mor mi som fekk med seg i hendingsaugneblikken, men skit au. det kan byggjast ut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s