Retorikk og språk

Finaste prentreklama du har sett på lenge?

Høg fem til Oslo-trikken for den her! Åtferdsregulerande visuell retorikk på sitt aller beste! Informativ og tydeleg, men samstundes rett både underfundig og underhaldande. Ein moderne klassikar nesten. Og i alle høve ei moderne nytolking.

Eg så att denne perla for første gong på lenge då eg var på heisatur til Tigerstaden for nokre veker attende. Ho er elles einaste grunnen til at eg og Oslo sporvegar har eit habilt godt forhold mellom oss i dag.  Heile helga kjende eg meg forfulgd av vondsinna billettautomatar, dysfunksjonelle flexuskort og transportuflaks. Kvar bidige transportetappe var ei uforutsett utfordring og steminga var ved å nå eit all time low då eg heva blikket og ser fire fjonge karar i eit gangfelt.

Standard

3 thoughts on “Finaste prentreklama du har sett på lenge?

  1. Å, denne er so fin! Har eit eksemplar sjølv, i gangen i residens Buruglen.

    Eg turde sjølvsagt ikkje å stele han frå trikken, so eg sendte i staden ein epost til Ruter og forklarte kor feig eg var. Det tykte dei var særs koseleg, og dei ønskte meg hjarteleg velkomen opp til Grefsen for å hente ein plakat eg kunne ha heime. Fine Ruter. Gode reklame-stuntet.

  2. Tilbakeping: Arbeidskrav 2 B – Bildeanalyse | Torstein Studieblogg MID

  3. Tilbakeping: Arbeidskrav: Bilete analyse (forsøk 2) | Espens Studieblogg, MID

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s