Mat

Rotfruktkveldsmat

Etter inspirasjon frå seinare tids forbilledleg lunsjservering i kantina på Midtermolen 3 har underteiknande teke i bruk kvelden til å koke seg opp ikkje mindre enn 3 liter lodden, sennepsgul rotfruktsuppe, som innfrir formålsparagrafen sin om umiddelbar gastronomisk lukke så til dei grader! Prrr! Aldri meir opprotna kilopakkar med gulerøter i kjøkkenskåpa! Aldri meir spirande, skrukkete ingefær lagt til side. Frå no av skal det kokast restesuppe regelmessig. For eit glitrande opplegg! Det einaste ein treng er stavmiksar og ein times tid passivt arbeid.

Denne veka greidde vi å grave fram:

 

 

 

 

samt vatn, smør, salt og fløyte sjølvsagt. Ikkje verst for eit spontant kjøleskåpsraid om eg so skal sei det sjølv. Etter ein dryg halvtimes koking og nokre intensive minutt i møte med stavmiksaren endte vi opp med ganske omfattande mengder vanvittig snadder kveldsmat, som såg slik ut:

Standard

One thought on “Rotfruktkveldsmat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s