Kuriosa

“Your guts are like mine”

Vi har mellom anna kvart vårt hjarte som er nokonlunde identisk i storleik med nevane våre, og kvar våre konglomerat av nymfeknytar som syter for indrejustis og sanitærtenester i kroppane våre. Dessutan finnast det alle mulige slags underlege små blærer og kjertlar og kveilar av kropp som handterar matinntaka våre der inne. Berre tenk på kor underleg buken på ein fisk fortonar seg, når ein kjem innom skinnet forventar masse blod og gørr, men heller finn alle mulige slags grøne, raude og kvitskimrande kroppsdelar. Fullstendig intakte og vakre i og for seg. Det er ikkje godt å vite kva det gjer alt saman, men slik har altså evolusjonen bestemt at tinga skal sjå ut. Slik må det sjå ut, for å passe perfekt til dei oppgåvene kroppen har å syte for.

Eg veit ikkje korleis du forheldt deg til denslags, men eg var vettskremd for bilete av menneskekroppar då eg vaks opp. Den gongen dei ville ha oss til å fargeleggje blodomlaup i barnehagen fekk eg angstangrep og gøymde meg på toalettet i 2 timar. Eg synest enno det er ekkelt å sjå på bileta, men stadig meir fascinerande å tenkje på. Vi har same slags galleblære du og eg. Sannsynligvis kunne du ha fått mi galleblære og eg di, og likevel ville alt gått meir eller mindre på skinner der inne i det djupe mørkret.

Tarmtottar! Sannsynlegvis det festlegaste ordet i heile kroppsordregisteret, eit ord som alltid  – og utan unnatak –  får meg til å tenkje på Hattifnattane frå Mumitroll-barnefjernsynsendingane. Vedunderlege skapningar tarmtottane.Vanvittig påhitt frå skaparverket si side.

 

 

 

 

 

 

 

Men det som er enno meir vanvittig å tenkje på, det er at størsteparten av det som går føre seg inne i kroppane våre ikkje har noko med menneskevesenet sitt genetiske materiale å gjere i det heile. Vi har sirka ti gongar så mange frammandlegeme i kroppen som vi har menneskeceller i kroppen. Koloniar og floraer av bakteriestammer og stammesamfunn av mikroorganismar som trivast heilt ypperleg med å benytte kroppane våre som univers. Høyr her! (vedunderlege britiske rikskringkastinga) Vi er individ, men samstundes vandrande økosystem i storskala. Når vi et, et dei. Til gjengjeld gjer dei liva våre levelege. Utan bakteriane våre ville vi ikkje ha vore i stand til å ta til oss næring på skikkeleg vis, eller produsere alle dei vitaminane vi treng for å fungere. Fargerikt fellesskap. Multikulturelt fellesskap om du vil. Eg har lyst til å møte bakteriane og mikroorganismane mine. Eg har lyst til å helse på dei, og klappe dei på celleveggane deira og fortelle dei, at eg synest dei gjer ein sabla god jobb!

Tenk det, at du , og eg, eigentleg meir korrekt bør sjåast som veldig komplekse økosystem, enn som sjeler med innpakning på. Eg kjenner makroperspektiva kjem veltande. Eg kjenner det som om vi er eit lag kvar i to russiske dokker. Skal tru om bakteriane våre også har eit indre liv?

Standard

One thought on ““Your guts are like mine”

  1. Birgit Oline Kjerstad seier:

    Livet er til å undrast over…..anten ein går innover i detaljane eller utover i universet er der stadig nye former og fenomen å utforske.Alt heng i hop med alt.Dei bittesmå cellene og dei enorme solsystema heng i hop på forunderleg vis.

    Trur jamman du er i ferd med å arbeide deg gjennom “blodsystemfobien” Hjørdis.

    Mamma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s