Uncategorized

Verdas matvareprogram. Mi nye greie.

Det har no gått halvanna veke sidan eg byrja i ny jobb hjå Verdas matvareprogram (WFP) i København. Eg har brukt det meste av tida mi so langt på å lese gjennom gamle e-postar og informasjonsmateriale og prøvd å forstå korleis vesle meg kjem til å passe inn i det større puslespelet. Det er overveldande. Dette er først og fremst moro for meg. Ein sjanse til å lære korleis det er å arbeide på rett med kontor og jobbtelefon, ein sjanse til å finne ut kva eg kan og kva eg burde kunne meir om. Men samstundes haglar det rapportar inn i e-posten min som fortel at born døyr, som fortel om korleis hjernene til små born skrumpar inn av underernæring og korleis mødre og fedre vert tvungne til å etterlate dei døde borna sine midt ute i ein tom, stor ørken fordi dei ikkje klarer å gå lengre. Eg føler ikkje lengre for å seie at det er noko “moro” ved dette. Det er djupt alvor. Og eit alvor eg gjerne tek innover meg no. Heile livet so langt har eg stort sett gjort ting til nytte for enten meg sjølv eller interessegrupper som står meg nærme. Eg har utdanna meg innan dei kjekke faga, arbeidd for pengar til meg sjølv, for elevar sine rettar, studentar sine rettar og nynorskbrukarar sine rettar. Alle desse interessegrupper eg er del av sjølv og politiske initiativ som har falle naturleg som ein del av det sosiale livet mitt. Her hjå Verdas matvareprogram på Midtermolen 3 i København vil eg heve blikket ein smule høgare og investere dei frivillige timane mine i ein breiare kategori av sosialt engasjement. Med fare for å høyrest pompøs ut, dette er slik det står for meg: Hausten 2011 står i menneskeheita sitt teikn.

 

Og dette er ei slags grovskissering av kva eg håper å kunne hjelpe arbeidsgjevaren min med å utrette:

Du må gjerne bli vener med oss, om du vil: Verdas matvareprogram på Fjesboka

Standard

One thought on “Verdas matvareprogram. Mi nye greie.

  1. Birgit Oline Kjerstad seier:

    Dette halvåret kjem til å sette spor hjå deg og eg gler meg til å få del i litt av alt det du lærer.Du kjem inn i arbeidet midt i ei av dei hardaste krisene som har råka landa i Afrika der folk lever på eit eksistensminimum frå før.Landa som meir enn nokon anna vil verte råka av klimaendringane.Naudhjelp er ein ting,men like viktig er kanskje dei underliggande politiske problema knytt til fordeling, matproduksjon og miljø.Nasjonal og internasjonal politikk.Håper du greier å halde oppe motivasjonen og ikkje bli overvelda av problema slik at du misser motet i arbeidet.

    Mamma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s