Mat

Vekas rotfrukt: Søtpotet

Søtpoteta (Ipomoea batataskjem opphaveleg frå Sør-Amerika, men er utbreidd i nesten alle verdas tropiske strøk. Det seiast at Columbus var den første til å ta med seg søtpotet til Europa, men det tiskast også i gangane om, dokumentasjon av langt tidlegare utvandring.  Kanskje har oldtidsfolket vore meir sjøføre enn vi veit om?

Her heime reknar vi helst søtpoteta for eksklusiv attåtmat, som ein kan ta seg bryet med dersom ein vil imponere gjestar eller unne seg noko særleg fjongt til på restaurant, men i Mellom-Amerika et ein faktisk meir søtpotet enn noko anna grøntfôr. Smaksmessig er rotknollen meir søtladen enn poteta (5% vs 0,5%) og guloransje til kvit i fargen. Det er det beste fra kvar side av rotfruktskalaen; vitamintilfanget og smaksfylda frå gulrot og kålrabi, men den meir substansielle næringsverdien og mettinga frå potetslekta. Reint genetisk er likevel slektskapen i so måte svært tynn. Søtpoteta er ein praktvindel, med tagga grøne blad og fine kvite eller rosafarga blomar. Sjølve rotknollen er meir avlang i forma og kan bli svært mykje større enn vanlege poteter. Det er sjeldan ein ser virkelig lubne søtpoteter på marknaden, men enkelte syskjenborn i familien kan bli sjokkerande 5 kilo tunge!

Helsesnadder

I tillegg til å smake usannsynleg godt er søtpoteta også eit unikum av ei frukt på det helsemessige planet. Sukkerinnhaldet er av det snille slaget som ikkje hissar opp insulinproduksjonen, ho rik på A-, B- og C-vitamin, og dessutan betakaroten, som forutan å vere kraftfôr for imunforsvaret også bidreg til å verne arvestoffet mot kreftframkallande skadar. Ein annan hyggeleg bieffekt av betakaroten er at det fremjer brunfargen i huda, heilt utan krem, spray, lampe eller solar stråling. Yey!

Bruksområde

Det er ikkje spesielt godt å ete rå søtpotet, men ho kler til gjengjeld ypperleg mest alle former for tilberedning. Ho er god kokt, frittert, pannesteikt, ovnsteikt, most eller wokka. Generelt sett er alle kombinasjonar med smør og/ eller fløyte inni hampen fantastisk (som nesten alt anna). Dersom du har planer om å koke søtpoteta er det ein fordel å vente med å skrelle av skalet til ho er ferdigkokt, elles blir det berre rot. Koketida er den same som for vanlege poteter. Personleg er eg mest entusiastisk overfor ovnsbaking eller mosing. Søtpotetstappe er snasent herfrå til Sydpolen!

NB: For guds skuld, lagring av rotfrukter skjer i romtemperatur og mørke rom, ikkje noko kjøleskåpslosji eller vinduskarmboogie for denne lekkerbiskenen takk!

Søtpotetmos

Kjelde: www.gilde.no (har porsjonskalkulator)
Tilberedningstid: ca. 30 min
Antall porsjoner: 4 porsjoner
Dette treng du
4 stk store søtpoteter
2 dl fløyte el. Creme fraiche
Svart pepar
2 ss smør
1 stk kvitlauksfedd
½ ss timian
Slik gjer du:
Skrell og kok opp søtpoteter, sil av overskotsvatnet og mos dei med stavmiksar eller kjøkkenmaskin saman med kaldt smør og kvitlauk. Smak til med krydder. Serverast idéelt sett saman med ei eller anna form for raudt kjøt, td. kalvebiff eller andebryst. Men kan strengt tatt etast til nesten alt fordi det er så godt.
Standard

One thought on “Vekas rotfrukt: Søtpotet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s