Kuriosa, Kvardagsfilosofi

DRAUM.

I natt var eg på veg til å levere ei bok om hagestell då alt plutseleg går av skinner.

Eg kjem på at eg treng eit ID-kort for å kome inn til bibliotekskranken, og dette ID-kortet har eg glømt att i ei oppbevaringsboks på Hotell Hordaheimen i Bergen sentrum. Eg blir teletransportert til hotellet, så den biten er grei, men kjenner meg ikkje att i resepsjonen, der nokon har gjort om eine veggen til akvarium og skranken er bytta ut med ei lang rekke masasjestolar. Festlig. Lettare desperat småjoggar eg opp til andreetasjen. Kanskje er det oppbevaringsboksar i omløp her?

Plutseleg kjem det ei fjong dame smilande mot meg. -Hello! I’m ASC personell. Have you located your seat? -øh, nei, men eg prøver virkeleg hardt på å finne dei der brunaktige oppbevaringsboksene med myntinnkast som skulle vere her en plass… Dama smilar breidt; -But of course! So nappar ho frå meg boka.  -We’re about to lift off, and it is my duty to secure all loose objects in the appointed deposit safes. -Hurra! Oppbevaringsbokser! -Kvar er dei?!
-No no, I’ll have to ask you to proceed to the lounge. If you hurry there might be time for coffee before the FTL-drive kicks. Så peikar dama på eit skilt for meg, opnar ei sjaktluke til høgre for seg, går litt bak, tek rennfart, spring på og stuper inn i veggen saman med boka mi.

Eg innser nederlaget og forstår at eg sikkert må slå meg til ro med å betale det overtidslånsgebyret der. Men so kan ein jo trøste seg med ein kaffi i alle fall. Og kven andre møter eg ved kaffiautomaten enn president Bartlett! Han gjerne vil veldig gjerne vite korleis vi gjer det med helseforsikring i Skandinavia, kan forklare at vi berre skal ein liten omveg til Galapagusmånen innan retur til Washington og bér på meg ein vedunderleg kopp kaffi servert i det ypperste av nytt amerikansk porcelensdesign, ein kopp med varmesensitiv mjøledispensar på innsida.

Og so vippar eg opp augelokka innan eg rekk å få autografen. Æsj.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s