Kvardagsfilosofi

Esel vitjar Longva

Då eg var liten hadde vi ein gong ei høne heime som mor fekk i 30-årsgåve av koret sitt. Den bodde i det største og flottaste kirsebærtreet på Longva og vi leika med henne og fann på kallenamn og laga stige og la planer for utdanninga hennar i tre veker inntil hønsehauken gjorde nedslag. Det var ein trist dag.

Seinare hadde vi også eit enkelt reisdyr boande. Han heitte Rudolf og blei for det meste av tida ståande på marka utom insteveggen. Tremenningen til far, som eg ikkje kan hugse å ha snakka med korkje før eller etter den gongen han var innom oss for å levere reinsdyret, hadde fått det i 50-årsgåve frå nokre tøysete vener av seg. I det heile teke verkar det til å vere tradisjon for å motta levande gåver i min familie. Rudolf er enno det einaste reinsdyret som nokon gong har budd på Nordøyane, men stakkars Rudolf synest det var ganske trist å stå der heilt aleine og gnafse reinslav frå plastsekkar, så etter nokre korte og litt triste veker vart han overlevert til rette vedkomande i fødevareindustrien.

Folket inne på Rogne hadde også for ei tid ein ekte strustefarm å forundre seg over. Merkverdige fuglane. Gigantiske og illsinte, og ikkje trur eg dei likte klimaet heller, men det hadde seg slik at ein kunne spør om å få kjøpe fjør, og det var populært. Desverre viste strutsetrenden seg å vere ei landbruksboble på linje med dot.com-farsotten innan IT-bransjen, så strutsane stakkarane overlevde aldri 90-talet.

siste skotet på stamma(les: Skuløyas alternative dyredriftshistorie) dukka opp heilt i det blå no i Påska. Plutseleg stod det rett og slett eit esel parkert på plenen frammom gamle barneskulen min. Eg har aldi før i mitt liv sett eit esel i levande live. Det stod der så fint og knaska i seg og såg veldig mykje meir nøgd ut en Rudolf nokon gong var. Er spent på å sjå kor lenge det blir boande.

Standard

One thought on “Esel vitjar Longva

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s