Kunst, Kuriosa

Gestaltprinsippkjøret

Gestaltlovene fortel oss at heilskapen er noko meir enn summen av einskilde bestaddelar. Dei fortel oss og kva slags forhold som må vere avbalanserte mellom bestanddelane for at meirverdi skal skapast og korleis desse må avbalanserast i høve til andre element gjennom forhandling mellom det nærliggande og perifere, det grupperte og enkeltståande. Ikkje heilt gestaltlov, men nærme nok, er påpeikinga av det gylne snitt. Altså ca to tredjedelar. Som er yndlingstingen til alle å sjå på. Både natur og menneske. Festlig.

 

 

 

 

 

 

 

 

Min tilgang til kunstfaget har alltid vore innfallsmetoden. Eit auge der, nokre strekar ned mot venstre hjørne for å avbalansere litt, oisann, kva har vi her? Ein drage? … Næ. For komplisert å tegne, så vi får heller la det bli ein fisk. Ein strek får ein utilsikta kant og må derfor gjerast tjukkare, noko som medfører at alle dei andre strekane også må bli litt tjukkare, som gjer at ein av strekane konverterar til filmremse. Denslags operasjonar.

Somme tider blir ting interessante å sjå på, men langt frå alltid. Ofte er det møl, og det kan vere veldig vanskeleg å skjelne snørr og bartar. Festlig nok er det sjeldan dei same drodlane du likar best i ettertid som du var mest nøgd med i gjerningsaugneblenken. Drodlinga opplevast som ein tilfeldig prosess. Sjølvsagt ser ein etterkvart mønster i måten ein teiknar på, men ein trur mønsteret kjem innanfrå ut. Det følest rett at ting skal fargeleggast der og ikkje andre plassar. Ein er meir tilbøyeleg til ein særleg type vinklar enn til andre typer vinklar. Dermed er det litt ein nedtur når ein blir gitt forklaringar på kvifor ein teiknar som ein gjer.

Grafisk design-kompendiet mitt er fullt av fortellingar om korleis det som står ute ved kanten likar vi ikkje å sjå på, medan vi veldig godt likar å sjå på det som står nærme kvarandre og det som utnyttar “det negative rom”. Eg synest det er interessant å høyre om teorien det eg gjer byggjer på, men det plagar meg kvar gong eg ser på eitt eller anna tilfeldig og tenkjer at -HOY! Den der gestalten der er i ulage, den. Når eg først har sett det greier eg liksom ikkje la vere å tenkje på estetikken som noko anna enn eit geometrisk reknestykke. Og ingen, eller i alle fall så godt som ingen har nokon gong laga noko interessant med utgangspunkt i ei hyperpregnant bevisstheit om gestaltlover. Desse er meint å sette inn sine pluggar først i evalueringsfasen. Vidareutviklingsfasane heller enn idémyldringane.

I teorien er det visst slik at ein berre må gjere ting i rett rekkefølgje. Ein skal lære seg grunnbegrepa og sjå flater og former og nyansar og linjer for det dei er reint grafisk sett. Når alt er lært skal ein berre ha det i blodet og helst tenkje så lite på regelverket som mogleg. Då er den vikitigaste regelen berre at ein veit ca kva lover ein bryt og kvifor ein bryt dei.

Eg vert forvirra og lusken av dette evinnelege gestaltprinsippkjøret. Minn meg på aldri å gå på matlagingskurs!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s