Kunst, Kvardagsfilosofi

Gamle oppslagsverk

Det er eitt eller anna veldig tiltalande ved oppslagsverk. Små porsjonspakkar informasjon om ting ein ikkje visste det var mulig å interessere seg for. Kompakt historiefortelling i stramt oppsett, men likevel ofte i velsigna grad ladd av interesse frå den skrivandes side. Det er noko som vert fortalt, men kun ein del av eit heile, eit kikarhol til større breidder og i alle føve ei uunngåleg perspektivering. Oppslagsverket gjev deg stikkorda og ein bitte liten kontekst. Resten lyt ein tenkje seg til, eller finne ut av for eiga maskin. Det finnest mange glitrande oppslagsverk i vår tid, både på nett og trykk, som den vidgjetne jubilanten Wikipedia, eller det nynorske Allkunne kan tjene som fortreffelege døme på. Men, det er likevel noko heilt særleg med dei bokverka som har stått ei stund og godgjort seg. Om ein ikkje treng kunnskapen så sårt, men berre ynskjer seg forteljingane, kan gamle travarar frå 40-, 50- og 60-tal gje vedunderlege lesaropplevingar. For å ikkje snakke om bileta, bilete som ikkje først og fremst er der fordi dei er vakre, men fordi dei syner oss noko unikt. Eit spesifikt dyr, eit fjørkre som liknar på eit anna fjærkre men likevel er sortert til eit heilt anna familietre pga ein bitteliten flekk på stjerten som ein trengte nettopp biletet for å legge merke til.

Eg har hatt eit veldig oppheng i fuglefotografi i det siste etter at eg kjøpte først ei, og deretter to og til slutt tre fulgeoppslagsverk på loppis her i haust.  Det er informativ lesning. Eg kjenner meg meir opplyst innan sjangeren fjørkre no enn eg har gjort på mange år. Men først og fremst er det ei estetisk oppleving eg søkjer. Fargar og kontrastar er neddempa, papiret gulaktig eller gulna av tid Nokre timar med eitt slikt mellom hendene, og ein vert hellig overbevist om at alt det vakre innan bokbildetrykkebransjen skjedde før IT-tidsalderen og Adobepakkane begynte å rulle mot strand.

 

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s