Kunst

Utopiar og avsporingar. Ward Shelley skildrar Sci-fi-tradisjonen visuelt.

Performance- og installasjonskunstnaren Ward Shelley har sett seg føre å tolke Sci-fi-tradisjonen visuelt, og gjort det på meisterleg vis! Eg meiner dette må vere det ypperste eg nokon gong har sett av tankekartkunst. Som i øvrigt også er ein grundig undervurdert sjanger.

Med utgangspunkt i det antikke Hellas og den mytiske ballasten frå dei trojanske songkrinsane snirklar Shelley seg utover og gjennom ei 2500 år lang historie om menneskeleg hang til selektiv røyndomsekstrapolering og fantastisk sjølvrefleksjon. Utopiske og dystopiske verk innan alle kunstgreiner og tradisjonar kjem til syne på kartet. Fargekoder, skriveretningar og organiske visuelle former syner oss samanhengane mellom nokre av dei mest fascinerande tankeeksperimenta vi kjenner i vår intelektuelle historie, frå Platons Staten og Thomas Moores Utopia til Poes gotiske noveller, og Cyber Punk-rørsla. Metamorfoser og alienfilmar står ikkje lengre lausrivne frå kvarandre, men er del av same straumdrag i ulike avgreiningar. Rett vakkert er det.

På oversida av kartet er det subtilt markert årstal, slik at ein skal ha høve til å følge med på kva det er som skjer når. Årstala er fine å ha, men dei er på ingen måte hovudsaka i denne samanhengen. Det er assosiasjonsrekkene og referansane som står i sentrum. Sjå til dømes korleis Shelley etablerar Opplysingstida som utgangspunkt og syner korleis rasjonalismen i denne samanhengen fell ut i ein bitteliten blindtarm, medan motrørsla i form av romantikken går hen og inspirerar til eit vell av litterære former. Opplysingstida sitt bidrag til Science fiction er dessutan også inflytelsesrikt tankegods frå m.a. Darwin og Erasmus som er gitt sitt eige avspark i modellen.

Smakfull er også handteringa av ulike sjangermessige avsporingar, som intuitivt nok vert omdirigerte til svarte hol. Festlig!

Det er ei underleg knudrete frukt som vert utfallet av Shelleys konseptuelt kreative kraftdemonstrasjon. Ei organisme som veks seg utover og annonserar stadig nye perspektiv på dei same evig relevante spørsmåla. -Kven er vi? -Og kva er vi på veg til å bli?

BIOGRAFISK (henta frå http://www.wardshelley.com):

Ward Shelley works as an artist in Brooklyn, New York. He specializes in large projects that freely mix sculpture and performance. Utilizing eclectic influences and a variety of media, Shelley’s installations defy classification. Over the last five years, Shelley has concentrated on bizarre functioning architectural pieces in which he lives and works during the exhibition monitored with live surveillance video equipment.

Shelley also works on a series of diagramatic paintings, timelines of art-related subjects such as the careers of artists working in de-materialized media and the history of art scenes. The best known of these is the Williamsburg Timeline Drawing and Downtown Body, recently published in Bomb Magazine. Before and during his art career he has also worked in advertising, construction, teaching, special events, theater, rock bands, and built a 37-foot sailing sloop.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s