Mat

Vekas rotfrukt: Ingefær

Her er ho, vekas rotfrukt:

Eg har alltid synest det høyrest ut som om “Ingefær” eigentleg er eit norrønt disnamn. At det liksom ikkje opphaveleg kan ha hatt noko med mat å gjere, men at nokon kjende til den gudommelege Ingefær frå før og deretter, då dei stifta kjennskap med den knudrete rotfrukta sin fulle smaksrikdom synest denne var så fantastisk at dei meinte det passa seg å assosiere henne med gudinnenamnet…

Det er sjølvsagt ikkje heilt korrekt å plassere ingefær i ein nordisk kontekst sånn heilt utan vidare, ettersom planta er  langt djupare rota i Sør-Austasia og berre har ei beskjeden fartstid her hjå oss. Men dette er då også klassisk. Omtrent som når det danske imperiet i si tid oppretta ein oppsiktsvekkjande lite lønsom koloni i India, og deretter – so sjølvsagt og uoppsiktsvekkjande som dei fekk det til – implementerte elefantar i alle fargar og fasongar i riksregaliane. Som var dette festlege, svære, tjukkskinna dyret ei særdansk oppfinning. Hihi. Morroklumpane.

Les: Danmarks første fastlandskoloni var i det sydøstlige Indien, hvor en dansk flåde med rigsadmiral Ove Gjeddeerhvervede land fra fyrsten af Tanjore i 1620. Kolonien fik navnet Tranquebar eller Trankebar. Danmark beholdt Trankebar, selv om den aldrig blev en guldgrube for danske oversøiske handel. (Wikipedia)

Sjølvsagt ville Danmark gjerne ha elefanten. Den er jo eit oppsiktsvekkjande naturens under, nett som ingefær. Dersom eg skulle laga meg riksregaliar skulle det blitt gitt instruksar om ingefærimitasjon. Den er verdig lite mindre enn skamros.

Men innan vi kastar oss over ei smaksmessig skildring av rota vil vi forære litt spalteplass til meir kulturhistoriske perspektiveringar. Og kva kjelde kunne vel tent dette formålet betre enn vår faste korrespondent Waverly Root.

Ifølge en franskmand, Dr. Fallet – der iøvrigt er så ukendt at jeg ikke engang har kunnet finde hans fornavn – giver ingefær den der spiser denne rot absolutt magt over alle tigre, han støder på. De bliver så blide og venlige, at han kan ride på dem som på hesteryg. Nu kan det selvfølgelig tænkes at vrantne tigre ikke er noe problem, De kommer ut for til hverdag, og derfos skal der anføres en ytterligere observasjon: Ingefær forjager mareridt.

Namnet ingefær kjem frå tamilsk: inji ver (இஞ்சி வேர்), verdas 16 mest talte språk på midten av 90-talet ifølgje Wikipedia, og eit språk ein snakkar mellom anna i Malaysia og i delar av India, der rota sannsynlegvis har sitt historiske opphav. Det heiter opphaveleg sringavera (horn-rot) og det botaniske namnet er Zingiber Officinale. I motsetnad til andre kjenningar innan frukt og grønt-kategorien har ingefæra stort sett teke med seg namnet sitt rundt om i verda. Det har endra form, men ikkje til det ugjenkjennelege, dersom ein smakar på korleis orda høyrest ut. Singravera har blitt til zingiber på latin, dzinggiberi på gresk, zenzero på spansk, gengembre på fransk, ingwerd på tysk, ginger på engelsk og ingefær på norsk.

Rota var kjend og populær i Europa svært tidleg, den held seg godt over langvarig transport og var ei lukrativ handelsvare. Root fortel frå 1300-talet og framover. Eg synst dette er eit fabelaktig eksempel på selektiv historiegjengiving i kuriosasjangerens ånd, så vi lar han drøse på ei stund:

Størsteparten av middelalderens europæere svælgede ingefær i et par århundreder, efter at den var blevet lettere åat få fatt på, men krydderiet mistede sin popularitet i de lande hvor en mer forfinet smag vandt overhånd over de kraftigere aromastoffer. Det gjladt således Frankrig, mens englænderne fremdeles var gift med ingefæren, der var varm i munden. (…) Man sagde det var dronning Elisabeth selv, der oppfandt den ingefærholdige “honningkagemanden”, idet hun gav ordre til, at små kager der var krydrede med ingefær skulle bages i form af portrætter av de mennesker hun omgikkes til hverdag, og enhver kan regne ud at den lighet har været så som så. Erobringen af Indien hjalp til med at opretholde briternes smag for stærke krydderier. Så sent som i 1945 holdt Sir Robert Perkins en tale i Underhuset hvori han klagede over komitéen for køkkenets drift, da han mente det var kritikværdigt, at det var over 300 år siden, at den ingefærdominerte retten maupygernon havde været på spisekortet.

Englænderne tog deres smag for ingefær med sig til Amerika, og amerikanerne var begærlige efter ingefær lige fra begyndelsen av landets historie. Ingefær-småkager nogle av de lækre sager man delte ud til de ubestikkelige vælgere i Virginia for at få dem til at vælge de rigtige kandidater til The House of Burgesses. (…) Det er ikke mange år siden det fremdelses var moderne ved Amerikas Atlanterhavskyst at sende kandiseret ingefær omkring ved bordet efter et måltid. Det skulle hjælpe fordøjelsen og modvirke tendenser til luft i maven.

Vidare er det hevda at ingefær motvirkar røyksug og (graviditets)kvalme, styrkar imunforsvaret, er sunt for huda di og sunt for sexlivet ditt. Fin merittliste med andre ord. Anatomisk sett er ser rota litt ut som ei handflate, med lubne forgreiningar i alle vinklar. Dei unde røtene er ganske friske og milde i smak, medan røter som har stått lenge i jorda vert tørrare, meir trevla og strammare i smaken. Fersk ingefær kan ikkje samanliknast med tørka ingefær, som servert i pulverform. Nei nei og atter nei.

Ingefærte for eksempel, må for guds skuld baserast på ferske skiver ingefær, ikkje sånt Santa maria-ræl eller pose-te. Vatn, sitron og ingefær samt muligvis litt honning er alt ein treng.

Elles har ein stort sett ete ingefær mest som snop i Vesten. sukra og sjokkoladetrekt et cetera. Akkurat det der med kandisert ingefær har eg aldri vore so begeistra for, men det er ein del andre søtladne ingefærprodukt som i langt større grad inspirerar til avhengigheit. Då snakkar vi primært om sylta ingefær, altså “gari” som det vel heiter når ein et det til sushi. Det er faktisk sjokkerande enkelt å lage heime, so slepp ein å betale i dyre domar for det, og det er ingen grunn til at dette ikkje kan etast i samband med andre ting enn rå fisk. Alle former for steikepanneblandingar av grøntfor burde få sin sjanse til å bli kjent med ingefær. Elles har vi desse sneddne tyggedropsa, som ein finn i 9 av 10 orientalske grøntforsjapper:

Og dessutan kirsebæret i fruktkompotten: Ingefærølet! Den einaste arten mineralvatn forutan tonic water og grøn farris eg eigentleg har nokon respekt for. Ingefærøl er ei heilt fantastisk oppfinning og ein art som dessutan er djupt undervurdert i dei fleste krinsar.

Det er dessverre ikkje så mykje å gjere seg til av i hyllene på Rema. Schweppes sin er ikkje noko særlig. Blass og oversøt. Og representativ for det stort sett ganske så kjipe daglegvareutvalet av ingefærøl. I barar og spesialforettningar er det likevel håp om å finne rett snedne ingefærøl. Ein fellesnemnar for dei gode er at dei er ganske syrlige. Ofte pga eit markant innslag eplejus eller tilsvarande. Er ikkje så orientert i den norske marknaden lengre, men i Danmark har eg i alle fall funne desse lekkerbiskenane i omløp. Fentiman sin er også ganske chill:

Den aller beste, Antons ginger ale, er det tilsynelatande ingen som har hatt vett til å legge ut bilde av på internett enno. Kva er din favoritt?

I morgon skal eg prøve å lage ingefærøl sjølv. Det burde jo ikkje vere så vanskeleg. Må fjuske til kolsyra då, men det går nok fint skal du sjå. Eg gler meg som eit lite barn!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s