Kvardagsfilosofi, Mat

Pitahaya

Eg fann ut det, at eg ville feire årgangsskiftet mitt litt ekstra i år, ved å kjøpe ei frukt eg aldri har smakt før. Som kjent er eg meir enn gjennomsnittleg opphengd i frukt og grønt, dermed synest eg dette virka passande. Valet fall på denne:

Vi har å gjere med ei kaktusfrukt ved namn pitahya, aka. dragefrukt eller jordbærpære. Ei frukt det knapt nok finnast makan til utsjånadsmessig. Den er ganske stor,  og dessutan veldig dyr i vår del av verda. Hadde det ikkje vore for at dama i kassa på Magasin Du Nords matvareavdeling tok det for å vere ei anna frukt skulle eg ha betalt 50 DKK for denne skapningen. Kuriosakategorien med andre ord, ikkje noko du utan vidare kjøper inn til søndagens fruktsalat.

Opplysningskontoret for frukt og grønt skildrar frukta som “avlang i formen med et tykt og røft skall. Skallet er ikke spiselig. Det gråhvite eller rosa fruktkjøttet er saftig, og minner om kiwi med sine mange små og svarte kjerner. Frukten har ingen distinkt lukt, men en søt og frisk smak som kan minne om en blanding av jordbær og pære.”

Og ganske på kornet visuelt. Dette møter oss når frukta delast i to:

Eg har blitt advart om at dette er meir ei påfuglfrukt enn ei gastronomisk substansiell frukt, derfor har eg ikkje så lyst å gå til angrep heilt enno. Eit sidespring innom Wikipedia kan fortelle meg at den typen eg kjem til å like, dessverre ikkje er den eg har i hende. Den eg har kjem til å smake litt som blass vannmelon med kiwifrø i. Sur Pitahaya derimot er raudlilla i fargen og ganske mykje krassare i smaken. Dei finnest i tre variantar:

  • Hylocereus undatus (red pitaya) has red-skinned fruit with white flesh. This is the most commonly-seen “dragon fruit”.
  • Hylocereus costaricensis (Costa Rica pitaya, often called H. polyrhizus) has red-skinned fruit with red flesh
  • Hylocereus megalanthus(yellow pitaya, formerly in Selenicereus) has yellow-skinned fruit with white flesh.

Greit det. vi gjev det eit forsøk. Og ganske rett: Ho er snill frukta. Og frisk. Det er også omtrentlig dei einaste adjektiva som fell ein i munnen. Det er eit fanske intetsigande melonaktig stykke munnfull den oppsiktvekkjande hammen skjuler. Dersom eg går veldig hardt inn for det kan vi hevde at det er ein bismak av jordbær tilstades, men nada pære.

På ein måte er det jo litt greit. So slepp eg å blakke meg fullstendig på vietnamesisk import i framtida, men neste år blir det den sure pitahayaen vi kjøper i gåve til oss sjølv. Ikkje  denne luringen.

Standard

One thought on “Pitahaya

  1. Birgit Oline Kjerstad seier:

    – enig med deg,alminnelege kvardagar med tid til refleksjon og produksjon av eitt eller anna e gode greier.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s