Uncategorized

Gebursdagsinnlegget

Som nybakt femogtjueårig innser eg at dette sannsynlegvis er det siste året eg kjem til å feire gebursdagen min med udelt glede. Ikkje fordi resten av 20-tala er noko å grue seg til. Det kjem sikkert til å bli fabelaktig kjekt å feire dei også, men den der “I wanna be forever young”-greia er jo dømd til å slå inn før eller seinare. Når det har sagt har eg alltid vore på det reine med at 30-årsalderen kjem til å vere mi glanstid. Kva meiner eg med det spør du deg kanskje? -Vel, det har seg slik. Eg har alltid vore litt for gamal for alderen. Eit hovud for høg på barneskulen. Eit hakk for u-ungdommelig i tenåra (skjønt vi gjekk med gardiner istaden for skjørt slo vi aldri ut håret heilt  og eg synest vel generelt det var mykje enklare å manøvrere vaksensjiktet sine sosiale kodar enn ungdommens sosiale kodar.)  No i midten av 20-åra synest eg det byrjer å stabilisere seg ganske fint. Eg er ikkje oppsiktsvekkjande overmoden og folk rundt meg er ikkje lengre umodne, men eg har alltid forutsett at det eigentlege høgdepunktet kjem først om 5-7 år.

Kva dette høgdepunktet kjem til å innebere er litt uklart for meg, men antagelsen er vel den at eg då vil vite kva eg vart (yrkesmessig og sånn) at eg kanskje vil eige eit stykke bolig og endeleg vil kunne implementere førestillinga mi om den perfekte bibliotekskrok, men integrerte bokhyller, lenestol, vinterhage og brei vindaugekarm. Meir husrom, meir husflidsprosjekt. Eg kjem til å bli meir tydelig i lilladametendensane mine, bake meir brød, gå på diktlesningskveldar, gå på dansekurs, slutte å tru og engste meg over korleis det eg gjer skal lede til store ting og heller bli meir og meir forelska i kvardagen og kvardagslege triumfar. Eg går utifrå at det er ei form for prematur kapitulering vi er i gang med, knapt nok sjarmerande for ein ungdom i sin beste alder, men la gå. Det er gebursdagen min i dag! Eg unner meg sjølv litt filosofisk slingringsmonn!

Uansett kva framtida vil bringe av sinnsstemingar og stemningsskifter har årets feiring vore ein einsaste stor jubelparade av kvardagsgleder! Fredag var ein kveld i festens teikn! Laurdag var også ein dag i festens teikn! I nesten enno større grad. =) -Stjerneskot, drinkar, smuglånte hagestolar og i nærleiken av 35 meget sjarmerande og vakre gjestar frå både inn- og utland. Vi har svidd av grunkar på treretters middag og fått pavlovakake og kakespade i frukostgåve:

Kva var vel livet utan kake og fantastiske godtfolk? Og for ein kombinasjon! Uslåeleg!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s