Kvardagsfilosofi, Mat, Retorikk og språk

Vatn og olje

Eg høyrde radio på veg til universitetet i dag. Første i ei rekke på tre dokumentarprogram om fødevareindustrien, tittulert “Food that makes billions” og korleis denne gjev oss ting vi tilsynelatande vil ha. Primeksempelet for dagen var flaskevatn. Som akkumulerast, rensast for skit, vert tilsett mineral, og eventuelt smak, for deretter å bli tappa på flasker som deretter skal fraktast per bil og båt til distrubisjonspunkt. Og deretter frå distrubisjonspunkt til butikkar og heim frå butikkane til oss. Deretter skal tomflaskene hentast heim og rensast/ smeltast om til ny runde.

Dama på radioen meinte det krev omtrentleg 2 liter vatn og ei femtedels brusflaske olje å få i stand ei flaske kildevatn. I tillegg er plastikken vi lager flasker av noko redigt herk med tanke på gjenvinning, hormonhermande stoff, sneglesterilitet og ja. Eg er skeptisk. Og ganske skuldig. Frå no av skal vi berre kjøpe mjølk på kartong og bytte drikkeflaske maks ein gong i kvartalet. Æsj, ass. -Fagre nye verden. Kan på det varmaste anbefale podcast-serien. BBC’s DocArchive.❤ allmennkringkastarar!

http://www.bbc.co.uk/podcasts/series/docarchive

I ein inspirert augneblenk av miljømedvit bladde eg meg vidare til Youtube for litt vinkla folkeopplysing. Fann denne. Synest den var fin.

I tillegg til å vere ein nogenlunde opplyst presentasjon av korleis ting heng saman er filmen er eit skuleeksempel på pedagogisk/ retorisk bruk av animasjonsfilm. Det er mogleg dama dreg det litt langt frå tid til anna, men det meste høyrest veldig legitimt ut. Altså. Det er ikkje sikkert alle vassflasker resirkulerast i India, men det er heilt sikkert at mange av dei aldri burde ha vore produserte i utgangspunktet. Og det er i alle høve ingen tvil om at flaskevatnindustrien er eit vanvitttig påfunn!

Standard

2 thoughts on “Vatn og olje

  1. me får koka flaskene våre i ny og ne. det har eg sett mor mi gjera, så då er det nok greitt. (her bør vel nemnast at familien min drakk ureina vatn over ei lengre periode etter at einkvan bonde hadde greve ned nokre grisar i innsiget til brunnen vår. ingen vart sjuke, trass store prosent med bakteriar ein helst ikkje skal drikkja. så me har truleg utvikla motstand mot det meste av styggedom i vatn og/eller gamle flasker)

  2. Hurra for styrka imunforsvar! Men huff huff med tanke på nedgraving av grisar i nærleiken av drikkevatn.

    Eg er ikkje eigentleg så skeptisk til det der med bakterieakkumulasjon i drikkeflaskene, men eg har ein lei tendens til ågløyme dei frå meg heile tida. Ei på trening, ei i heimen, ei på instituttbiblioteket og ei på det kongelige. Nå, i alle fall. Eg skal bli flinkare. Også mht plastikk generelt. Til å ta med tomnett når eg skal i butikken og denslags. Kanskje eg rett og slett skal sy på ei lita oppbevaringslomme til plastposar på innsida av alle veskene mine. Sjå om det hjelp.

    Ai altså. Forbrukarsamfunnet gjer det for lett for meg. Ting med plastikk i burde koste mykje meir, så hadde kanskje tiltaka kome meir naturleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s