Uncategorized

Seksdagersløpet.

I går var eg på gebursdagsfest hjå eks-medboerska mi, Kamilla. Veldig kjekke greier. Det var ballongdyr i omløp, og muffins og irsk kaffi m.m og alt kva hjartet elles kan begjære. Det viser seg at bursdagsbarnet og hennar kjentfolk har tenkt å feire dagen derpå med ein tur ut til Ballerup for å sjå det tradisjonelle seksdagersløpet som blir sykla der i desse dage. Eg får spørsmålet og vil sjølvsagt gjerne vere med ut på tur!

Løpet syklast i par. I Gamle dage sykla ein i 6 dagar i sanamhengande (!) og det var derfor ein såg det naudsynt at det skulle vere ein parsport. Ein markerer skifter mellom kven som er i kvile- og kven som er i konkurransemodus ved at syklistane tek kvarandre i handa og den aktive parten blir “kasta fram”. Utmattelsesløpet som før gjekk over seks døgn er no gitt ei litt anna form. Ein køyrer framleis 6 dagar i strekk, men sjølve langdistanseløpet er delt opp i mindre avdelingar på nokre kilometer om slengen og ein reknar ut plasseringane ved å legge saman poeng som para vinn på spurtar (markert ved klappevenlig aksellererande sang på tribuna) og ved å sykle inn heile runder. Forutan langdistanseetappane er det kvar dag sett saman eit sinnrikt program med kostymekåring og tønneslåing for born, sykling av tour de france-etappar på ergometersykkel for voksne og alskens mindre løpsvariantar. Sykkelspurtar med twin peaks-lydspor i bakgrunnen, sykkelløp der ein hentar inn folk på knallert som syklar par med syklistane for å auke farta deira og løp der berre ein knallert blir forfølgd av alle syklane på ein gang, og det er sjølvsagt om å gjere å ligge rett bak knallerten så mukje ein kan. Og sprettmais! Festleg. Kort og godt!

Mannen til høgre her vart kåra til feltets flottaste fyr av damene i salen. Slik ser publikumsfavorittane Rasmussen og Mørkov ut i dagslys:

Det er heilt klart mi mest særdanske sportsoppleving hittil dette. No reiser eg vel heim til Noreg att innan neste gong det arrangerast 6-dagesløp, men tek gjerne turen attende på vitjing for å få med meg ei runde til.

 

 

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s