Mat

Sært. Type chilli-/pasjonsfrukt-sjokkis

Eg hadde nyst bestemt meg for å vere sterk og passere løsvægtslik-tilbudet til Føtex rak i ryggen då eg kom over denne fiffige forpakninga på jakt etter ingefær i den lokale grøntforsjappa mi.

Sjokk-horror! Chilli-pasjonsfrukt-mjølkesjokkolade. Kva er dette for nyhende som eg ikkje har fått med meg? Eitt av to er jo ikkje så oppsiktvekkjande, men både-og vart for mykje for nyfikne vesle meg. Pasjonsfrukt er nemleg februar månads mest intensive fødevaredille så langt og vi lever stadig i håpet om å finne fatt på produkt med pasjonsfruktsmak som faktisk smakar pasjonsfrukt! Shall there be a day?!

Nuvel. For å gjere produkttesten så vitskapleg og sansenær som mogleg investerte vi også i ein pose pasjonsfrukt (namme-momse-nam!) som samanlikningsgrunnlag.

Først et vi litt av samanlikningsgrunnlaget. Fantastisk som alltid. Dernest ein knekk sjokkis. Hmmm.. Det første vi kan konstantere er at chilien er tilnærma lik fråverande. Men det er egentlig fint, ettersom eg held denslags fiffigheiter til å vere litt overkill i godteri-samanheng.

Det andre vi kan konstantere er at pasjonsfruktkonsentratet er konsentrert til små syrlige krystallar i botn av kvar enkelte sjokkoladebit. Ikkje så verst faktisk. På ingen måte på same hylle som den ekte vara sjølvsagt, men eg får faktisk assosiasjonar til rett smak, noko som slettes ikkje alltid skjer. I tillegg til pasjonsfruktgreierne har dei også putta bananpuré i blandinga. Noko eg mistenkjer for å vere ein genistrek. Alt i alt vil eg seie vi gjev forsøket eit terningkast 4. Men ganske sterkt sådan.

Eit ekstra lite morosamt moment er at denne spesialutgåva av marabou har teke seg bryet med å gjere henvisning til det svenske kongehuset på pakka. Sjekk seglet over “passion”. dEr står det “by appointment to his majestythe king of Sweden”. Hehe. Kva var vel eit kongehus utan chili-pasjonsfrukt-sjokkolade?

Standard

3 thoughts on “Sært. Type chilli-/pasjonsfrukt-sjokkis

  1. Charlotte seier:

    Hjørdis, pussig du snakker om passionsfrugt. Jeg hadde min livs beste opplevelse her, forrige fredag, som burde prøves.
    Mexibar og deres passion daiquiri. Den er helt fantastisk! Fredager har de også et fantastisk tilbud, nemlig en stor drink for prisen av en. De bruker friske frugter i den, og konsistensen av drinken, og de små steinene, eller frø som er i frugten, den er bare sååå god! Så den anbefaler jeg på det sterkeste!!🙂

  2. Hoisann, interessant!
    Dette skal vi altså heilt klart prøve ut! Eg har hørt mykje bra om drinkkvaliteten på Mexibar, men så har det alltid vore kjøka fullt der når vi har kome oss til å passere. No har eg imidlertid ein ekstra motivasjon for å prøve på ny frisk.

    Daiquiri er jo uansett på topp 10-lista over snasne guilty pleasures. Og denslags kan ein aldri få for mange av. Hehe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s