Kuriosa, Kvardagsfilosofi

Postkort. -og kvifor dei er fantastiske!

Eg sit her og blar i postkortsamlinga mi. Eg er veldig glad i postkortsamlinga mi. Å få ting i posten som er skrivne for hand kan redde sjølv den mest skakkøyrde av dårlege dagar, og eg meiner også det er noko heilt spesielt i dette med “handskrivinga” som medium. Det kjennest berre heilt annleis ut, meir direkte og meir heilhjarta på noko vis, det å lese nokon gjennom kråketær heller enn gjennom New Times Roman. Eg humrar gjerne med når folk gjer seg lattermilde på bekostning av grafologien (læra om handskrifttyding), men det er altså noko i det òg. Ikkje i den forstand at ein kan spå framtida til folk i skrifta deira, men eg trur heilt bestemt at ein kan skimte eitt og anna svært karakteristisk ved veremåten og tonen åt folk i korleis dei fører seg på papiret. Eg har ei grunnbok i denne fortreffelige pseudovitskapen ståande i bokhylla mi. Skrik ut om du har lyst å bli med på studiesirkel. Hehe.

Når eg får nys i at kjentfolk av meg skal ut og feriere eller studere i den vide verda plar eg alltid tvinge dei til å skrive ned addressa mi, berre sånn i tilfelle dei skulle få ånda over seg til å leite opp eit postkontor i løpet av opphaldet. Somme tek meg på ordet og hostar opp heilt fabelaktige repportasjar! Eg har for vane å henge opp litt forskjellig på veggane mine, og postkorta høver seg glimrande til å fylle ut hitteflater. Hitteflater som ved postkortas hjelp på magisk vis blir rett rørande, idét elles meiningslaus veggstirring fyllast med iinspirert skildring av alt frå løver, fjellvatn og turistmaskineri til kongefamiliemedlemmar og vanvittige lokale namneskikkar. Frimerka er ofte ei heil lita fortelling i seg sjølv, og kjem i alle mulige slags stilartar. Enkelte gongar vart det aldri kleistra på noko frimerke, ettersom avsendaren hadde anna å bedrive siste dagane i felten, enn å leite etter ikkje-eksisterande posthus på misvisande gratisturistkart.

Eit av dei aller festlegaste postkorta eg har, høyrer til denne sisstnemnde kategorien. Eg fekk det av Jorunn etter heimreis frå Frankrike ein sommar for mange (minst seks) år sidan. Rebuskommunikasjon i meisterleg klasse!

Framsida:

og baksida:

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s