Kuriosa, Kvardagsfilosofi

Heimlengt per postkort

Mor mi er god på det der med pakkar. Det kjem kanskje som ein naturleg biverknad av arbeidstittelen landpostbodvikar, men altså, uansett årsaksforhold er det veldig kjekt å få pakke i posten frå mor. Den offisielle foranledninga er vanlegvis at eg har glømt att noko forrige gong eg var heime på ferie, eller at mor vil vidaresende nokre bankbrev eg har fått som ho meiner det kanksje kan vere viktig for meg å opne sjølv.

Bankbreva er alltid kontoutskrifter frå reservekortet mitt som fortel at eg enno ikkje er gjeldsslave. Eller at eg marginalt kryssar grensa til gjeldsslavekategorien med omtrentlig 29 øre pga treigheit i betalingssystemet. Og eventuelle attgløymer, som t-skjorter, CDar, sminkedingseri og vottar er eg i dei fleste tilfelle fullstendig godt i stand til å klare meg utan nokre månadar, men dette kjem aldri på tale. Dels fordi mor gjerne vil sende meg pakke, og dels fordi eg VELDIG GJERNE vil at mor skal sende meg pakke. I tillegg til bankbrev og attgløymer finn vi vanlegvis desse gjenstandane bak gråpapiret:

  • Heimestrikk, type skjerf eller raggar vanlegvis.
  • Eit eller anna med kumotiv på.
  • lettvektige mataukprodukt av sesongens produksjon. Type tørka epleskiver, sopp eller kandisert kvann
  • månadens forsyning av strømpebukser i festlige fargar frå tilbudskassa på samvirkelaget
  • Eit postkort eller brev.
  • Eventuelt bilete av slekt, gjerne far min, som demonstrerar eitt eller anna kvardagsleg gjeremål.

Punkt nr. 2 og punkt nr. 5 er stundom kombinerte. Som td. ved dette klassiske dømet:

Dette er vel kanskje til dels eit bilete på korleis mor førestiller seg det er å vere retorikkstudine i København. Ofte er det likevel meir lokalpatriotisme og heimekjærleik som pregar postkortmotiva. I førre pakken fekk eg dette prospektet tilsendt. Og fekk umiddelbart litt blaute augekrokar. Trur det er ei sånn innstilling frå babyalderen av. At det pimplar ut lykkehormon i systemet når ein ser stader ein kjenner att. “Sjå! DEt er mi øy! Øya mi! Mitt hus! Meg, mine, mitt og det er sol på det!”

Eg veit ikkje om eg vil karakterisere det som eit sjarmerande karaktertrekk å bryte ut i denne slags tiradar i det offentlege rom, men heime på sitt eige rom med ein pakke mellom hendene er det det absolutt einaste rette å kjenne på! Eg kom til det var på sin plass å vise fram. Slik at liknande kjensler kan boble opp i andre øyingar som skulle finne på å passere, medan utanforståande kan lære oss litt betre å kjenne. Særleg fin er Skuløyas midte likevel på eit anna postkort, av noko tidlegare datostempling. Legg merke til den sjarmerande trykkleifen oppe til venstre. Knis.

Standard

4 thoughts on “Heimlengt per postkort

  1. Ej va inne på Googlekarta her en dag å jekk långs riksvejn på Haramsøya! Ej va i heilt i hundre å skulle vise alt t dei tre østlandske sambuarane mine.. “Sjå, der e mitt hus! Å der e onkel å tante sitt hus! Der bo d nåkre østerrikera å her bo den venninå so dåkke so vidt he helst på!!” Ivern va stor å ej fortsatte å fortelle å forklare sjøl om dei andre hadde møst interresså å gått ut ta romme for lengst.. *sukk* D skapte heimlengsel d!

  2. Tullar du med meg?! Har google maps vore på Haramsøya? Har dei vore på Longva òg? Dette skal sjekkast ut sporenstreks. Juba! Der rauk enno ein arbeidstime tenkjer eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s