Kunst, Kvardagsfilosofi

Kafésamtale

Laurdag kveld sat eg på Paludan for meg sjølv og las bok. Plutseleg kjem det ei framand dame bort til bordet mitt og spør om ho kan sette seg. Ho synest det er hyggeligare på denne sida av rommet. Eg er enig og seier at det må ho gjerne. Dama er kunstner. Ho har budd i Norge ein gong i tida og synest det er eit veldig fint land. Ja, for mange herrens år sidan gjekk ho også på Det kongelige københavnske kunstakademi saman med ein nordmann, ein rett original karakter på mange måtar… -Ja, om kanskje eg kjende til Oddvar Torsheim? Eg svarte svært bekreftande… -Ja, det var ganske festlege tider det. Det skulle eg berre vite.

Dama heiter Birthe, og synest det er kjempefestleg at eg kjem frå ei øy. Ho synest også det er forrnøyeleg at eg har kome på å flytte til København sånn heilt utan vidare. Eg forklarer at det er berre fordi København er den finaste byen i Norden nest etter Bergen. Men mykje større. Dessutan er København litt tørrare enn Bergen, noko eg sett pris på. Birthe seier at det faktisk var sol i Bergen då ho var der sisst. Det er nesten like mange år sidan som eg har levd… Det er så mange gode forfattarar frå Vestlandet. Vi er enige om at nynorsken har andre klangar enn bokmålet, men at begge deler er fint på sitt vis. Dansken har nettopp kjøpt ei bok av Jon Fosse. Eg, den norske seier at Fosse ja, han kan vere litt tung å kome i gong med kanskje, men skriv nokre svært gode ting som du ikkje gløymer når det først har brent seg fast. Må ikkje gje det opp med det første… Eg må til å gå, kronisk seint ute som eg alltid er, men ja, om eg skulle få hug til det ein av dagane så må eg meir enn gjerne kome på vitjing og slå av ein prat. Det er ikkje så langt avgarde og eg skal vere hjarteleg velkomen.

Med meg i handa får eg visittkortet til Birthe Ohsten og ei veldig god kjensle av å at dagane som kjem og gjeng ikkje alltid er heilt kliss like kvarandre likevel…

Standard

One thought on “Kafésamtale

  1. Åj, det høyrest ut som du har vore på kaffistove med di eiga framtidsutsikt! Ho veit jo til og med å setje pris på Oddvar! Slumpelukka, Hjørd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s