Kvardagsfilosofi, Mat

Vekas rotfrukt: Kålrabi aka Nordens appelsin

Heime kallar vi det rabbe. Og dette er ein verkeleg kraftpakke av ei rotfrukt!

Det er strengt teke litt “off season” å ta opp rabba i slutten av januar, no når vi nett har pakka saman julepynten og ikkje lengre ser noko høve til å halde religiøse diskusjonar om kor vidt det skal vere ribbefeitt i kålrabistappa eller ikkje. Men slik kan det gå når ein ikkje tek seg saman og revitaliserer bloggen sin før godt ut i det nye året. Dessutan er det verkeleg på tide folk oppedagar kålrabia i kraft av noko anna enn berre å vere julemiddagtilbehør.

La oss først høyre kva Wikipedia har å seie om vår venn:

Kålrot eller kålrabi (lat. Brassica napobrassica eller Brassica napus var. napobrassica) er ei gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-talet.
Planten tilhøyrer kålslekta og er ein nær slektning av kål, noko som går fram av namnet. Til forskjell frå mange andre kålsortar er det knollen av planten ein et og ikkje blada.Kålrot er rund i fasong og størrelsen kan variera frå små på under 1 kilogram til store på 3–4 kilogram. Fruktkjøtet er hardt og fast med ein lysegul farge. Kålrot er rik på C-vitamin og blir difor òg kalla for «nordens appelsin».

 

Meir spennande er det likevel å studere utsegnene frå vår faste korrespondent fra 80-talet. Herr Waverly Root. Han innleier si skildring ved ein fiffig kildekritisk refleksjon:

Slår man opp i Encyclopaedia Britannica læser man, at kålrabi er en kålart ‘der er fremavlet for nylig i Europa’. Jeg kan tenke meg at Britannica kan have ladet sig vildlede af, at ordet ‘kohlrabi’ først opptreder i det engelske sprog i slutningen af 1800-tallet, men ellers forstår jeg ikke, hvad man mener med for nylig! Karl den Store gav for 1200 år siden ordre til at der skulle dyrkes kålrabi på krongodserne. Jeg har også iøvrigt en snigende mistanke om, at de gamle romere både kendte og værdsatte kålrabi, skønt deres navne for de forskellige kålsorter aldrig har blevet oversat på en tilfredsstillende måde.

Eg frydar meg veldig over tanken på Aristoteles som sit på ein stein og tenkjer på meininga med livet medan han knaskar på ei tjukk skive rabbe. Hehe. Men det er sant dette med namna på fruktene, som ofte kan virke veldig forvirrade. Det er til dømes ofte eg snakkar med folk som forvekslar min kålrotreferanse med den velse, grøne, tyske, nepeaktige kålrota, som visstnok bér same navn i enkelte delar av Europa. (Den smakar nepete også). Herr Root nevner Tyskland som det landet der kålrota er mest populær. Elles på lista står Venezia-regionen i Italia, Austerike, Aust-Europa i sin heilskap, Sverige. Og i internasjonal samanheng dei amerikanske sydstatane og Madagaskar i beskjedent omfang. Festlig. Root går vidare med ei meir popularitetsmessig plassering av rabba:

Kålrabi er “en stærkt undervurderet grøntsag, som flere burde dyrke og spise” skriver Richard Gehmann i The Haphazard Gourmet. Det er værdt at lægge mærke til at han skrev man “burde dyrke” planten, for det afslører at den kan være vanskelig at få fatt på i grøntsagsforretningerne. Om man vil spise den, må man derfor dyrke den selv, og det var præcis hvad jeg gjorde.

Ein må berre rett og slett verdsette eit slikt engasjement i rotfruktspørsmålet. Då eg stifta kjennskap med grøntfortilbudet i Danmark for to år tilbake sjokkerte det meg kor latterleg kor stort varespennet var. Fire ulike kategoriar aubergin, to typer granateple, jordskokkar, som om det var det mest normale i heile verda, yams, søtpotet, stor søtpotet, større og dessutan argentinsk søtpotet, det ville liksom ingen ende ta. Også persimon kan ein lett spore opp i ei tre, fire ulike størrelsesordener, skjønt alle variasjonane har sine eigne namn. Kaki, pesimon, sharonfrukt, etc.

So vel stilt er det dessverre ikkje med kålrotførekomstane. Dei er rett og slett labre! Det hender ein snublar over kålrabi i butikken, og stundom også hjå grønthandlar, men dei er ofte relativt små og kostar skjorta i forhold til kva eg er vand med på mitt kjære heimland. Eg vil driste meg til å seie at prisen er omtrent tredobbel, noko som indikerar ei regelrett feilprioritering i det elles så fantastiske danske frukt og grønt-distribusjonsnettet.

Herr Root konkluderar:

Kålrabi satte man i de fleste lande større pris på for hundrede år siden end i dag, men svenskerne spiser dem stadig med god appetit.

Og nordmenn, if I might add. Men vi må lære oss til å hugse på kålrota også utanom julesesongen. Den er gromsnask med rømmedip, au naturell, eller i wok eller supe, mellom mange fleire alternativ. Som smakstilsetjing i potetstappe eller som primæringrediens i rabbestappe.

God helg godtfolk!

 

Morofakta:Kålrabia har høgt næringsinnhald, men ho er også så rik på fiber at ein brukar meir energi på å fordøye henne, enn ein får ut av å ete henne. Dette er sannsynligvis grunnen til at kråker ikkje et denne rotfrukta og samstundes eit godt argument for at vi andre bør ete henne.

Standard

2 thoughts on “Vekas rotfrukt: Kålrabi aka Nordens appelsin

  1. Såg på BBC’s “Scandinavian Cooking” å der hadde dei me kålerabin🙂 Dei skraut mykje ta an å oppmoda britane t å omfavne dinna rare å litt harde grønnsaka! Huska sjøl at kålrabi va fast inventar som nattmat ette tannpussn i barndommen🙂

  2. Haha! Rabbe som nattmat! God stil Sonja. =)
    Eg brukar å få eit intensivt behov for å knaske rabber når eg skriv på oppgåver. Er så kjekt å ha noko snask liggande som ein kan ete i massevis utan å bli dårlig av det. Smakar også veldig bra.

    Vi brukte å dyrke kålrabi som dyrefor då eg var heilt liten hugsar eg. Far synest alltid det var eit skikkeleg dusteopplegg, fordi det altid vart så surt og kaldt i véret den tida knollane skulle opp av bakken, men eg som slapp å ta denslags praktiske konsekvensar elska det der. Vi brukte dei som dyrefôr. Kyr er heilt ville etter kålrabi. Et dei omtrent på to jafsar, og sleng rundt seg med kålet. Eg leita etter fotodokumentasjon på denne bruksmåten til innlegget, men fann dessverre ikkje noko brukbart.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s