Kunst

Walton Ford og overumplinga

Eg kjem i hug den tida då eg var sånn ca 17 år gamal og let meg fullstendig vippe av pinnen kvar gong eg høyrde eller såg noko nytt. Ting var stadig vekk oppsiktsvekkjande og storslåtte. Det var liksom ikkje måte på. Det er vel i og for seg heile poenget med å vere sytten, dette å kunne legge merke til korleis ting er fantastiske og klamre seg fast i dei ei stund; slik at det smittar av, og ein gjennom massevis av slike avsmittingar forandrar seg og blir stadig litt meir vaksen, litt meir seg sjølv lik. Ein lærer seg songtekstar utanboks og heng opp ting på veggane og går rundt og drøymer om korleis alskens geniale menneske, formuleringar og bilete kjem til å endre livet for ein. Eg var på ingen måte aleine om å spele slikt som Ágætis byrjun på repeatfunksjon i 2002, men privilegiet ved å vere purung er ein manglande akutt refleksjon rundt slike faktum. Ein rakk å kjenne seg skikkeleg råka av inntrykka innan det sosiale metaperspektivet trådte i kraft. (LES: Innan ein byrja å prosessere opplevingane sine gjennom filter av typen -Kvifor likar eg dette? -Typisk meg å like dette. Typisk meg og typisk alle dei andre folka der ute som er kliss like meg… -Melodisk opplegg. Check. Strykarar. Check. -Sannsynligvis også ganske mykje berre fordi eg ynskjer å assosiere meg med språkgreia. -Typisk meg. Kjøpt nesten gratis av litt elektronisk bling-bling og dårleg kamuflert klisjésymbolikk… etc. dumdidum. likar det! men eg likar det fordi… abcdefgh…)

Det er mange element ved tenåringstilstanden ein ikkje tenkjer tilbake på med udelt sakn og glede, men nett den der kjensla av ukritisk å oppedage nye meiningar med livet heile vegen skulle eg gjerne hatt tilbake. Mykje av skulda vil eg anta kan tilleggjast eit stadig aukande samanlikningsgrunnlag. Dei første oppdagingane vinn alltid mest terreng.  Inntrykk som kjem til seinare er viktige supplement, og veldig verdifulle i og for seg, men det er rett og slett ikkje like festlig å supplere som å revolusjonere. Det er kanskje litt pompøst på noko vis, å vere bitter på tapet av sanseleg klangbotn innan fylte 25. Ja. Jo. Men mønsteret er heldigvis heller ikkje eintydig. Det skal berre så mykje meir til før ein blir overumpla etterkvart.

Desto meir fantastisk kjennest det so, når ein plutseleg vert overvelda av noko. Eg har nett latt meg overumple av  Walton Ford! Eller rettare sagt har eg sett akvarelltrykka denne amerikanske herremannen stiller ut på Louisiana fram til 6. mars. (Dei som les dette og bur i KBH bør kjenne si vitjingstid)

Walton Ford er ein amerikansk kunstnar som lagar svære akvarellar av dyr, der han mimar korleis desse har vore teikna og skildra i klassiske naturhistoriske bokverk, men samstundes brukar motiva allegorisk, og let oss kjenne att menneskelege kvalitetar i dyreportretta. Ofte har desse også fått ei grotesk vridning som gjev bileta ein ironisk kvalitet. Bileta er trykt i lag på lag med intensive fargar på tjukt papir, og deretter bearbeidd i detaljane. Eg var ikkje klar over at ein kunne gjere dette med akvarellfargar. Det gir jo god meining, men eg kan ikkje hugse å ha sett korkje teknikken eller konseptet før. Det er så presist, småtterier og større fargeflater som brenn seg fast på netthinna. Og veldig konsekvent! Ein eigenskap ved kunst eg konsekvent fell pladask for ettersom eg sjølv har konsentrasjonsevne tilsvarande den åt  skadeskoten papegøye.

La oss koste på oss nokre døme:

WALTON FORD –  Louisiana Contemporary
12. november 2010 – 6. marts 2011

“Walton Fords akvareller er fantastiske og uafrystelige billeder, hvis lag af betydninger det er en udfordring at afdække. Og det tager tid alene at slippe forbi fascinationen over den tekniske kunne, men fornøjelsen er stor hele vejen.”
Kristeligt Dagblad

“Walton Ford er et fænomen… her blandes genkendelsesglæde med skræk og forundring – og ikke mindst  beundring over denne amerikaners tekniske formåen.”
Politiken

“Walton Ford er noget så usædvanligt som dyremaler, og dét – sammen med de store formater og den aldeles virtuose og enormt detaljerede tegneteknik – gør i sig selv udstillingen til noget meget særegent, sådan her anno 2010.”
Weekendavisen


 

I prosessen med å lese meg opp på akvarelltrykk og amerikansk samtidskunst slumpa eg også over ein videosnutt der Ford fortel litt om prosessen bak bileta. Likar spesielt godt trikset med spegelen.

 

Standard

One thought on “Walton Ford og overumplinga

  1. Jonas seier:

    “Eg var på ingen måte aleine om å spele slikt som Ágætis byrjun på repeatfunksjon i 2002, men privilegiet ved å vere purung er ein manglande akutt refleksjon rundt slike faktum. Ein rakk å kjenne seg skikkeleg råka av inntrykka innan det sosiale metaperspektivet trådte i kraft. ”

    Jeg har ikke peiling på denne Walton Ford, men dette her kjenner jeg meg veldig igjen. Jeg tror imidlertid ikke bare det handler om å være sytten år gammel. Eller for å si det på en annen måte, jeg tror en syttenåring i dag kanskje ikke opplever det helt på samme måte.

    Nå fantes riktignok internett da vi var sytten også (sååå gamle er vi heldigvis ikke), men hele musikkdiskursen som foregikk der inne var en ganske annen i 2001-2002 enn hva den er i dag. Ting gikk bittelitt tregere, og selv om man var aktiv både som leser og debattant i de ulike foraene rakk man å føle seg overumplet litt lenger enn hva (jeg tror) man rekker i dag. Eller for å si det på en annen måte: Det tok litt lenger tid før man forsto at man ikke var alene om å sitte på sin egen, lille tue og nyte noe man trodde var ens eget.

    I dag er en plate vurdert, gjennomdebattert og blitt gitt en slags universell kontekst allerede før den er å få kjøpt i platebutikken. Med mindre man holder seg unna kanalene der man kan holde seg sånn passe oppdatert på ny musikk, har man en lomme på cirka et kvarter der man kan lytte til, nyte og forsøksvis forstå en plate uten en ladet og styrt kontekst. Det er paradoksalt at man i en individuell og subjektiv internettkultur kanskje i større grad enn noen gang står i fare for å la hele holdningen til et kulturprodukt la seg styre av det hva Internettet Mener.

    Nå, det var vel egentlig ikke det innlegget ditt (som var finfint, jeg synes virkelig du skal gjøre alvor av nyttårsforsettet ditt om å poste mer på blogg) handlet om, men det minte meg om en av mine store tankespinn de siste månedene, og jeg hadde et visst behov for å få det ned på det virtuelle papiret🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s