Kuriosa

Kaleidoskop

I byrjinga av oktober månad, kom mor mi, bror min og mormor på vitjing til København. Ein av dagane dei var her tok vi turen til Louisiana i Humlebæk for å sjå på kunstutstilling og nyte Nord-Sjællands ubenektelige sjarme. Dette var ein usedvanleg bra dag på veldig mange måtar, mellom anna fordi vi fann eit svært fengslande stykke optisk leikety i museumsbutikken, nærmare bestemt eit kaleidoskop. I motsetnad til vanlege kaleidoskop som oftast har små fargerike bøs i enden, som skal snurrast på for å sjå ulike motiv, har dette kaleidoskopet berre ei einaste stor glaskule i enden. Noko som utvidar synsvidda og motivrikdommen merkbart.

Vi endte med å kjøpe kvar sitt kaleidoskop, under påskot av at dette ville vere ei fantastisk god julegåve til ulike kids i slekta. Reint sjølvbedrag sjølvsagt. Desse duppedittane kjem nok ikkje til å skifte hender med det første. Alt blir moro når ein ser på det gjennom eit kaleidoskop! Noko vi seinare på dagen bekrefta gjennom nitidige studier av alt frå lyktestolpar til tyggegymmipakkar. Verkeleg banebrytande vart innkjøpet likevel først då vi kom på å fotografere gjennom kaleidoskopet! – I ettertida ein mykje ynda teknikk, som demonstrert ved følgjande døme:

Medboerske Marthe studerar verda gjennom fasettauge ved hjelp av verdas kjekkaste optiske illusjon-maskin

Studie av eigen fot gjennom kaleidoskop

Kaleidoportrett

Symmerti er noko av det kjekkaste menneskehjerna veit om. Vi vil alltid at det skal vere omtrentlig like mykje til høgre som til venstre som oppe og nede. Snitt er viktig for oss. Sannsynlegvis fordi det også er viktig for alt rundt oss, inklusive både spyfluger og det ganske univers!  (for å vere litt kledeleg pompøs). Sjølve ordet symmetri kjem av det greske “συμμετρεῖν” som tyder “å måle saman” eller “samanlikne” , noko som på den eine sida kan forståast som ei noko vag kjensle av harmoni og estetisk behag, eller meir presist, i kraft av realfaglege måleeiningar, som  ein type sjølvrefererande mønsterlikskap.

Men det må då finnast slingringsmonn andre vegen òg. Symmetrien er grunneininga, men alle måleinnstansane er jo også djupt avhengig av avviket. Det eg lurer på er så i kva grad vår interesse for avviket er forutbestemt. At det frå naturen si side er opplest og vedteke kor mange prosent avvik eg synest er fint når vi ser på det, i vinklar og fargetonar. Kva slags mekanismar som fortel oss kvar snittet gjeng mellom intetessant og rotete. Er desse nivåa felles for oss eller er det slikt som den einskilde snublar seg fram til etter kvart. Gjennom å ha sansa ulike inntrykk og skaffa seg eit visst assosiasjonsspenn.

Eg veit ikkje eg. Det er så mykje rart som luskar rundt i hjernebarken. Keisamt nok endar vi alltid i denne diskusjonen opp med ei slags relativisme, der vi slår fast at det har med  Yin og Yang å gjere. Orden og kaos, og verdenskreftene og bla bla bla. Eg har ikkje eigentleg noko behov for å repetere den remsa, så trur eg let estetikkteorien ligge her. I alle høve vil eg oppfordre alle til å skaffe seg eit kvalitativt oppegåande kaliedoskop ved første høve!

Standard

2 thoughts on “Kaleidoskop

  1. Aha. Touchphone-related slang. Many thanks to wikipedia for the enlightenment of my vocabulary. =)

    Definently has potential in that direction! Would strike me as very strange if no one has commersialized this concept yet. It is avesome! I prefer to do it the low-tech way though. Very hipsterlike of me I guess. Tihi.

    Saksopplysning – Wikipedia explains:
    “Hipstamatic is a digital photography application for the Apple iPhone. It uses the iPhone’s camera to allow the user to shoot square photographs, to which it applies a number of software filters in order to make the images look as though they were taken with an antique analog camera. The user can choose among a number of effects which are presented in the application as “filters”, “films” and “flashes”. Several of these are included with the application, while others need to be purchased separately.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s