Mat

Vekas rotfrukt: Pastinakk

Pastinakken er ein luring.

Ved første skildring høyrest han ganske stusseleg ut. Ei bleik, litt butt gulrot, som knekk tørt og dessutan også smakar ganske tørt, i alle fall au naturale. Men la deg ikkje lure! Førsteinntrykket er ikkje all verda, men denne rota kryp seg altså opp på ei heilt anna hylle so snart ein bearbeider henne litt. Spelar nesten inga rolle kva; koking, steiking, ovnsbaking, sautering, fritt fram for framlegg, men dette er altså det essensielle . Enkelte kjelder hevdar også at pastinakken er finfin i salat, men denslags påstandar kjem ikkje eg til å skrive under på. Ei av desse kjeldene er det jubilerande digitale folkeleksikon Wikipedia, der vi elles også får dette å vite:

PastinakkPastinaca sativa, er en inntil 1m høy urt av skjermplantefamilien. Planten har gule blomster som står i skjerm på relativt lange blomsterstilker. Roten er spiselig spesielt i det første året og egner seg som salat og grønnsaksblanding. Bladene og stilken kan brukes som grønnsak eller salat på våren, når de fortsatt er myke. Frøene brukes som karveliknende krydder. I folkemedisin gjelder te laget av pastinakk ( 1 teskje per kopp) som vanndrivende og beroligende. Roten inneholder inulin og rikelig proteiner og mineraler.

Skjermplantefamilien kjem vi garantert innom i seinare samanhengar, ettersom det er her kompisane kvann, gulrot og jordnøt gøymer seg. Ganske så foskjellige, men kvar på sitt vis fortreffelige planter. Eit fiffig morofaktum er dessutan at pastinakken toler godt å stå i bakken vinterstid, og dessutan blir betre i smaken etter frost, fordi noko av stivelsen då omgjerast til sødme. Meir interessant synest eg likevel det er å høyre kva min favoritt-matkulturhistorikar, med det til tittelen passande namnet Waverly Root, har å seie om favorittrota vår. Han byrjer si framlegging meget korrekt ved å slå fast at: “Pastinakken er en af vore grøntsager, der negligeseres i dag, og det er dybt urettfærdigt.”  Ja og atter ja! Han skriv elles at:

Den mistede sin tidligere fine position som næringsmiddel da den fikk konkurrence fra kartoflen – hvilket i seg selv er merkelig, for denne minder ikke om pastinakken hverken i smag eller opbygning. Nu var det ikke på det gastronomiske område de to grøntsager kom i konkurrence, men på kaloriefronten. De begge leverer en ypperlig mengde stivelse.

Pastinakken hadde ifølgje Root si stordomstid i middelalderen, då ein åt denne rota og europeiske bønner som primærkost under fastetida, når kjøt og fjørkre var teke av spisekartet. Ein trengte eit smakfult tilbehør til fiskekosten og pastinakken stilte til teneste. Langt opp gjennom 1700-talet helst pastinakken territorium, inntil gulrota og poteta tok over kvar sine domene. Poteta dekkjer næringsbehovet, gulrota åt ein for smaken.

Kvar pastinakken kjem frå er litt av eit mysterium, men det er sannsynlig, at denne rota som så mange andre næringsplanter har innvandra frå det nordlege Eurasien for lang tid tilbake. Dei først kjente førekomstane i europeisk samanheng er frå Galstonbury i England og busetnader ved dei schweiziske sjøer. Det er kjent at romerriket importerte pastinakk frå Frankrike, men heldt germanske pastinakkar for å ha betre smak til bruk i keisarverdige måltid. I andre halvdel av 1500-talet var pastinakken rett på moten i tyske jordbruksskrifter. Root kan fortelle at “I den samme periode var hollænderne vilde med roden.” I England var pastinakken lovprisa av ingen ringare enn Sir Francis Bacon. Englenderande åt pastinakk i massevis trass (eller kanskje nettopp fordi) det i samme periode herska ei førestilling om at denne rota kunne framkalle “vildelse eller permanent vanvid”. Det er i det heile teke synd at pastinakken etterkvart på 1800- og 1900-talet har tapt terreng i slikt eit monn. For den smakar virkelig snadder! Her synest eg det avsluttingsvis kan høve seg med nokre oppskrifter:

 

 

PASTINAKKREM til 4 porsjonar:

500gr skrella pastinakk
8 dl vatn
1-2 ts salt
1dl fløyte
140g kaldt smør
2 ts pepar

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Skrell og del pastinakken i mindre bitar.
  2. Kok den mør i vatn og tilsett saltSil av vatnet og mos pastinakken med maskin eller stavmiksar. tilsett resten, dvs. fløyte og smør.
  3. Smak til med salt og pepar.
  4. Et saman med td. biff eller anna storfekjøt.

PASTINAKKSUPPE:

2 ss olivenolje
1 ts sukker
1 stor lauk
3 fedd kvitlauk
1 liten frisk raud chili
2 store pastinakkar
2 eller 3 store gulrøter
1ts spisskummen
Salt og pepar etter smak

ca 1 liter vatn? Gjerne med buljong i.

Metode

  1. Varm olje og tilsett hakket løk, knust kvitlauk og finhakka raud chili.
  2. Kok saman i nokre minutt, til lauken er mjukna men ikkje bruna.
  3. Tilsett spisskummen, sukker og la det løyse seg opp.
  4. Hell oppi finkutta grønnsaker, buljong og vatn og kok i ein halvtimes tid. Ikkje overdriv med vatn i første omgang, men sjå det litt an.
  5. Funkar som fy, og enkelte av oss meiner det bør plasserast ein klatt creme fraiche i kvar skål før serveringa.
Standard

5 thoughts on “Vekas rotfrukt: Pastinakk

  1. slik ser altså pastinakken ut! skal testast ut. gjerne med kvann til. har jo ei slik vekst – jamvel ekte vossakvann – nedst i hagen heime, skræmande lite brukt.

    • Det som sjokkerte meg då eg leste om pastinakken, er at kvannen også tilsynelatande har etbare røter. Det er nytt for meg! Far har prøvd å tvinge i meg kvannstilk frå tid til anna, utan at det har etablert seg som nokon favoritt, men røtene! Kanskje er dei gode?? Forskingsprosjekt nr. 1 neste gong eg kjem meg heimover att til Longva

      • Iris seier:

        Kvann er undervurdert! Såvidt eg veit er rota hennnar god mot urinvegsplagar, i tillegg til å generelt kunne kvikke opp slappe kroppar. Noko midt mellom ginseng og kjerringrokk, altså. Men pastinakken skal definitivt òg ha heider, den er meir enn brukbar i alle rettar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s