Kvardagsfilosofi

Dørstokkmila

Dette er ein særs stillegåande måndag, på mange måtar representativ for dei siste par vekene. Det var lagt planar for eit imponerande aktivitetsnivå og innfriing av opptil fleire nyttårsførsett allereie forrige veke: reparasjon av klede, skjønnlitterær oppdatering, friluftsliv og jobbsøknadsskriving, men inntil vidare har vi stort sett halde oss innandørs, trygt pakka inn i pledd og TV-seriar der djerve unge menn og kvinner kjemper mot meir og mindre usympatiske intergallaktiske konspiratørar. Jupps. Eg er på sci-fi-kjøret. Sisst sett: Firefly. Ein fiffig liten space-cowboy-sak frå 2003 på berre ein sesong. Med oppfølgjar i filmen Serenity frå 2005. Bør heilt klart sjåast i kronologisk rekkefølge.

Det kjem jo på ingen måte som ei overasking at januar har vore ubrukeleg. Eg går rundt og tru det skal gå brillefint å ta seg saman att etter ferien kvart bidge år, men dørstokkmila er altså ein vrien lømmel. Ikkje minst fordi skillet mellom rekreasjonsbehov og latskap er så utflytande. I kva grad er eg sliten fordi eg tidlegare har vore utslitt? I kva grad er eg sliten fordi eg ikkje slit meg ut? Kinkig problemstilling ved månadsskiftet, men i midten av januar er det ikkje lengre noko å lure på. No er det berre latskapen og prestasjonsangsten det står på og underteiknande skal til pers!

Klok av skade har eg ikkje tenkt å velte dei tjukkaste kyrne først. Eg har derimot vaska rommet mitt, lest gjennom ein haug gamle aviser og kasta nokre av dei mest ubrukelege klesplagga mine og vaska resten. Herleg handterlege gjeremål av fortreffelig kaliber. I same sjanger har vi meldt oss på ei økt sårt tiltrengt fysisk aktivitet frampå kvelden ein gong. Til alt overmål har Lånekassa no motteke det ho skal av papirarbeide, det mest naudsynte av husleiger er betalt og aller første innlegg på årets bloggprosjekt er publisert. Vi er nesten attende i drift og nyt utsikta!

Godt år, godtfolk!

Standard

One thought on “Dørstokkmila

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s