Kuriosa

Digitalt scrabble

Eg har brukt latterleg mykje tid på å spele scrabble i det siste. Vanlegvis justerar tidsbruken seg sjølv ypperleg, fordi det ikkje er veldig ofte andre har lyst til å spele med meg, men etter at eg oppedaga den nettbaserte varianten gjekk den mekanismen fullstendig ut av ledd.

Eg er, til min eigen moderate fortvilelse ikkje spesielt god i forhold til dei andre nettspelarane. Noko som også bidreg til hardtrening. Primært fordi denne varianten går på tid, og eg er ganske treig av meg. Eg har også ei høne å plukke med ordbokpolitikken deira. Sleske Aftenposten har sjølvsagt valt å kun bruke ei bokmålsbasert ordliste, noko som forutan å vere meget politisk ukorrekt, også har den leie konsekvens at mine soleklare målformsrelaterte fortrinn i spelet forsvinn. Nu vel. Kan uansett anbefalast om ein likar denne slagsen spel. Eg tek gjerne eit slag, berre sei frå.

Standard

2 thoughts on “Digitalt scrabble

  1. aha! det var det du freista lura meg med på hin dagen. men eg har sett korleis det gjekk med mor mi og tetris! eg hamnar ikkje utpå så lett!

    • Hehe. Eller korleis det har gått med samtlege som har prøvd seg på å spele berre bittelitt sjuar-kabal i eksamensinnspurten. Herre! Men dette er good shit for lågterskel-tidsfordriv å vere altså.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s