Uncategorized

Louisiana

Louisiana er mitt absolutte favorittkunstmuseum. Kanskje særleg fordi det er so mange krikar og krokar der, som ein kan gå seg vekk i, eller eventuelt gøyme seg vekk i. Ein gong sat eg to timer inne i ei videokunstboks, fordi kalleidioskop-filmen gjekk i loop og var vakker. Dessutan var eg litt trøtt, så eg duppa visst av litt innimellom der. Men ja, det er eit utruleg godt konsept å ha konvensjonelle kunstutstillingar parallelt med videokunst og meir interaktive installasjonsverk. So slepp ein på noko punkt å kjede seg eller bli sliten. Og når dagen trekk i langdrag kan ein avveklse med ein liten piknikk i skulpturhagen. Medbrakt rødvin nytes gjerne.

Eg, Tine, Signe, Ida og Josü var på Louisiana igjen nå førre laurdag. Rett nok var det litt vel kaldt til raudvin i skultpturhagen, men vi fann nok av andre ting å bruke tida vår på. Mellom anna ei vidunderleg lita speilboks med lyspærer i og ein Pippilotti Rist-film. Kjekt!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s