Kvardagsfilosofi

Den store fiksedagen.

Eller rettare sagt den store våsedagen.

So langt har eg ikkje kome so langt i veg med gjeremålslista at det gjer noko. Semesterets kompendium hadde ikkje kome til utsalet enno, eg manglar nokre kvitteringsnotat for å kunne skrive ein meiningsfylt klage-e-post til eplefolket og dei ørvige skriveprosjekta følest berre for store ut.

Nå, det må gjerast. Snart! Helst i går!
Dei viktigaste punkta på gjeremålslista er:

-klippe seg
-få seg ein jobb
-nye joggesko
-skaffe kompendium+ny tekstperm til vårens fag
-skrive e-post i tigging om praksisplass
-ny pin-kode til danske bankkortet (nr 14 i rekka, ca)
-Teikne forsikring (og seie opp den ubrukelege norske (og krangle med Kamillas ang. resterande 6500kr frå førre oppgjer)
-få lappa sykkeldekket mitt (imidlertid ingenting å stresse med innan slarkeføret gir seg.
-symjehall-klippekort
-søk om legat (ymse)
-slå ny pers. rekord i fiskespelet på romaskina på fitness world.

pluss ein heil masse anna fjas. Sannsynlegvis burde eg ha lagt inn ein del fleire lystige punkt, sånn for å gjere lista meir handgripeleg. Td. -kast ut daudt sitrontre og kjøp masse blomster/ nytt tre
Eller: vask sokkar. Jobbar med saka.

Elles: eit høgdepunkt so langt i dag var lunsj x 2, m/ trelags-sjokkoladekake inklusive i begge etappane. Storarta opplegg. Ingenting er som fjas i kantina når ein slit med motivasjonen. Og eg har enno ei halv kake att i kjøleskåpa heime som ventar på verdig likvidering. Trur vi må prøve å seigpine heller enn kort prosess. Eventuelt får eg prøve å lage iskake av hendelset og spare til neste festlege høve. Kan bli bra. =)

Nå, nok om ingenting. Punktum her.

Standard

One thought on “Den store fiksedagen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s