Uncategorized

Radiatorinnlegg

København er ein kald by. Særlig for dei av oss som ikkje er særlig flinke til å kjøpe klede, og heller ikkje har teknisk innsikt nok til å få skikk på motviljuge radiatorar. Rykta seier at det eigentleg er latterleg enkelt, men rykta veit ingenting, so dei drit vi i. Det er nemlig ikkje det:

For det første: radiatoren det er snakk om er delvis dekt av ei todelt dobbelseng (dvs to enkle), som eg valde å ikkje flytte på, fordi eg trudde det skulle vere so lett å fikse. Kanskje meir min eigen feil enn radiatoren, men anyways:

For det andre: Greia er visstnok at ein skal skru opp den vesle skruen på motsett side frå termostatskruen og la det som er av luft, og eventuelt litt vatn og stasj kome ut.
Underteiknande fann lite luft, men til gjengjeld masse vatn i sin radiator. Faktisk so mykje vatn at det spruta både aust og vest. Eg har knapt vore med på liknande. Fekk endeleg stappa tilbake skruen på plass, men senga (den eine) vart so klissblaut at eg måtte sove på hi sida (den andre)

For det tredje: Needless to say hadde dette nær sagt ingen effekt på radiatoren som enno er iskald. Muff.

Standard

2 thoughts on “Radiatorinnlegg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s