Uncategorized

sansetankeri.

I løpet av sommarferien har eg utvikla ei tilbøyelegheit for å høyre på lydbok medan eg gjer andre ting. Først og fremst var dette eit tiltak for å minske den voldsomme keisemda som ligg i å arbeide som stuepike for tredje året på rad, men vanen har vist seg slitesterk også i møte med det daglege liv.

Nå går eg altså rundt i København og høyrer på lydbøker. Litt klassiske dystopiar og snillare skjønnlitterære ting går fint, for då kan eg abstrahere til ei samanhengjande visuell forteljing i tankane etterkvart. Men no i førre veke skifta eg til ei filosofihistorie, og det var ikkje like lett. Eg greier rett og slett ikkje å konsentrere meg tilstrekkeleg til å få noko ut av det. Eg byrjer i kvart kapittel -ta til dømes “Hume and contemporary ideas”- med å sjå føre meg ein smart, litt skjeggete mann med ein stabel bøker ved sida av seg. Men bildet av den skjeggete mannen får liksom aldri tid til å bevege på seg. Idet snakkemannen blandar inn abstrakte metafysiske ting som det ikkje er lett å gjere visuelle er eg allereie langt inne i ein strøtanke om handfasongen til henne som set ved sida av meg, eit sært lysskilt eller tilsvarande. Sjølv om eg forstår det meste av kva som seiast, og i utgangspunktet er ganske interessert òg, er det plett umogleg og halde tråden, med mindre eg sit stille og fokuserar blikket, men då er jo også størsteparten av poenget borte vekk, sidan målet nett var å kunne gjere fleire ting samstundes.

Lydbokproblemet har fått meg til å tenkje på sanseapparatet mitt. Eg trur synssansen min saboterar for hørselssansen. Vanlegvis ikkje, men tydelegvis når dei to ikkje tek imot signal som er gjensidig relevante. Ja det trur eg faktisk. Sannsynlegvis er det umiddelbare inntrykket av å sjå ein stor mann med ein liten hund på gata, og assosiasjonane det framkaller ein sterkare tankebrytar enn det meir situasjonsuavhengige pratet i hørselskanalen. Uavhengig av kor høg lyden er høyrer eg inkje. Augene held fast ved sine 70% prosent. Fleirtalsregjering som det syng etter. Øyrene er og blir eit supplement, eller justerande opposisjon, alt ettersom.

Heldigvis er det mange skjønnlitterære lydbøker igje å ta av der ute. =)

Standard

One thought on “sansetankeri.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s