Uncategorized

Sofahengings i Copenhagen

Hellu godtfolk!

Då har eg funne meg til rette i København igjen. Kjekke greier. Det har vore ei begivenheitsrik veke.  Eg har kasta vekk tre pin-kodar og fått to nye. Derimellom eit heilt lite brett med kodar, nærare bestemt dei der tåpelege min-id-kodane, som eg aldri får til å fungere på første forsøk. No treng eg dei til å skaffe meg stipend og lån frå ei viss norsk kasse. Det byrjer å bli litt presserande. Særleg i og med at eg nett tinga meg datamaskin og ljodspelar på reservekortet og dermed er nede i sjokkerande 11650kr på underskot i nettbanken.

Elles opna festsessongen ganske sprekt no i haust. Vi var på studentfest på Den sorte diamant fredagen. Der hadde dei martinibar og diktopplesing og videokunst. Dvs. eit videoopptak av ein katt som lepjar opp ei skål mjølk kjørt i loop gjennom cA 4 timar. Men stor fin skjerm då. Eg var elles ganske gretten denne kvelden fordi nokon fann det for godt å stjele sykkelen min, som eg nett hadde skifta begge dekka på, til ein relativt klekkeleg penge. Sorgene vart drukna etter alle kunstens reglar, først i sissemnde martinibar og deretter på diskotek ute på universitetet. På diskoteket var det røykmaskin og -til alles store forferdelse/fornøyelse- ein naken mann.

Laurdagen var eg og Kamilla vertskap i frederik VII’s gade. Med litt fotballsjåing, limbokonkurranse, allsang og høge kneløft. Ekstra krydderi til arrangementet var ein gjeng jyplingar ute på gata, som A: gjerne ville vere med på fest, B: banka på vindauga våre og stirra på oss og C: kasta egg inn i stova vår. ÆSJ! Så kom politiet på besøk og so hadde gutane boxernachspiel på golvet medan damene søv  tungt i sofaen. Søndagen var det duka for kake, eggsølvasking og kostymedrama av erkeklassisk kaliber.

No har husfreden atter senka seg og eg sit i sofaen og funderar over livets merkverdigheiter. Karane (Håvard og Vegard, som har flytta inn i kjellaren år nokre dagar) er ute på joggetur, og eg nyttar høvet til å gjere unna litt internetting. Dumdidum. Slik går no dagan…

I morgon er det tysdag. Då skal eg vere flink og lese masse i det store fine kompendiet mitt!

Standard

One thought on “Sofahengings i Copenhagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s