Uncategorized

Haust, tøfler og strøtankar

Kvifor slutta eg eigentleg å samle på frimerke?

I kveld fann eg ut at grenadine (som i drinkmix-greia og ymse andre produkt) er det same som granateple. Dette forklarar mykje. Lenge har eg trudd at grenadine var eit slags biprodukt frå druebransjen. Ei druetype som ikkje heilt egna seg til vin eller mauling. Var ikkje klar over at eg hadde trudd dette før eg plutseleg stod målbunden midt på kjøkkengolvet med ein pakke granateple-/ grenadinete i handa.

Eg har i det siste fått ei veldig lyst til å fiske, men har korkje troe, tid, eller peiling på kvar det går an å drive med slikt i Bergen by

Kva hadde skjedd om byduene tok til å trekke sydover? Ville vi ha vore like fiendtleg innstilt til dei då? Ville vi ha halde fast ved stigmatiserande kallenamn som: “skabbete flaksekebab!”, “snyltenebb” og “flygerotte”, dersom duene pakka sysakene sine, sa “so long, dustar!” og flaug sin veg i samla flokk?
Eg har mine tvil. Særleg fordi det er fuglar vi har med å gjere. Fuglane er beint i glaninga på oss, og vi kan bruke dei som samtaletema. Kor mange heldige sosiale manøvrar har ikkje hatt sitt opphav i, at nokon har sett ei due ete noko rart, ein tidleg søndagsmorgon? “Eg var på veg heim frå nachspiel sånn i åtte-tida, og såg ein liten flokk duer gå bananas over in oppriven pose paprikapotetgull!” Det ville ha vore eit tap om dei forsvann. Men populasjonsreduksjon, ja takk!

Eg har pakka fram at dei gamle elektriske varmetøflene hennar farmor. Brannfarlege, men fantastiske, med skotskeruter og usikra støpsel. Eg elskar desse tøflene. Hugsar kveld eter kveld med Commodore 64, saft og elektriske varmetøfler. Heldigvis vart dei aldri hivde, trass i ein iherdig innsats frå mor si side. Etter kvart som det blir enno kaldare vér utover hausten, skal eg flytte inn i tøflene mine på fylltidsbasis, og berre krype ut for å helse på verda når eg ein sjeldan gong treng meir kaffi og/ eller sosial kontakt. Det blir ei bra tid.

Planta mi ser trist ut. Må vatnast før undertegnande legg seg.
Vatning iverksett.

-SLUTT-

Standard

One thought on “Haust, tøfler og strøtankar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s