Uncategorized

Dodraugen -eit litt langt, litt usamanhengjande stykke lyrikk

Dodraugen gjeng meg på livet laus
I form av ei defekt cisterne
Eg ligg under dyna om kvelden, taus
høyrer han ustanseleg kverne

Sjøsjuke ulven som uler so sårt
Ynkar og bér seg gnagande høglydt
Eg var ikkje meint til å tole slik låt
Husverten har meg jaggu grundig snytt

Men om dassen vil syngja seg hes i natt
skal han ikkje få kveda åleine!
Kvi liggja pal og lytte på seg fnatt?!
Eg er sjuk til sinns, åleine heime

Dodraugen og grannane klagar i kor,
men eg let meg ikkje sjenere!
Med krusa full, stig eg ombord
Let stemmeband og føter dirigere

Eg dansar vilt, som ein storma vind
Kjenner Gamle-Erik nappe meg i kjaken
Eg jublar høgt, strekkjer meg mot høge tind
Jodlar om epletre, om snakkande laken.

Eg sviv glad ei stund, men so vert eg arg.
Galskapen må no få ein ende!
Det einaste rimar eg kjem på no er ”kvarg”
Ein hammar kjem meg plutseleg i hende.

Slaget råkar draugen med valdsam kraft
Sinnet mitt kjenner ingen grenser!
Det neste skil hammaren i hovud og skaft
Sinnsjukdommen har ingen bremser.

Då knokane kakka mot mi ringe dør
eg lista meg ut på balkongen.
Dei lokka og lova, ”du skal få sleppe ut litt før,
Om du berre seier unnskyld til kongen”

Men -nei takk!, ja det var mitt rungande svar,
Av meg har kongen inkje i vente
-Eg kjem ikkje ut, sjølv om straffa vert hard
sjølv om bruer ved dette vert brente!

Høyr! Ulande dassar kan vrengje eit sinn,
Inn, ut og fram og tilbake.
For dingsen i dassen var det vinn eller forsvinn
For meg, under foten: ein klake.

Standard

3 thoughts on “Dodraugen -eit litt langt, litt usamanhengjande stykke lyrikk

  1. kan forsåvidt forstå at det er litt spesielt å leve ilag med den syngande doen din (no var eg ganske grei, dersom eg hadde vore ærleg hadde eg nok aldri prøvd å kalle den syngande…)

  2. Hello. This post is likeable, and your blog is very interesting, congratulations🙂. I will add in my blogroll =). If possible gives a last there on my blog, it is about the < HREF="http://home-broker-brasil.blogspot.com" REL="nofollow">Home Broker<>, I hope you enjoy. The address is http://home-broker-brasil.blogspot.com. A hug.< HREF="5323616355" REL="nofollow"><>

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s