Uncategorized

Nytt til heimen

Nytt år, nye ting. Og i det siste er det spesielt to slike eg har sett stor pris på. Det er rart kva ein kan venne seg til visst ein berre drygar det lenge nok før ein grip tak. Undretegnande har til dømes hatt ein lekande dusjslange + eit mongo dusjhovud som datt ned stadig vekk og var usannsynleg stort i høve til kor ubrukeleg det var + delvis tett sluk i lengre tid. Eg har tenkt: OK, slik er det med det og ikkje gjort noko med det, anna enn på skjenne og smelle på dusjen i ny og ne. Men her om dagen tusla eg forbi ein baderomsbutikk med 75% sal. HURRA! Og dermed har eg no fått ny dusjslange og nytt dusjhovud med turbofunksjon og greier. Forbetringa er so fullstendig og fantastisk at ein skulle ikkje tru det.

Så kjem vi til rosina i pølsa! Eller for å bruke eit mindre innarbeidd, men sannsynlegvis meir gangbart idiom: smellbongbongen på kransekaka! -Nemleg farmor sine elektriske varmetøfler, med skotskeruter, pels og stikkontakt utan barnesikring. Desse er eit klenodium. Eg kan hugse at eg sat og spelte Commodore 64 med desse tøflene på tæsene. Varmare varmeflaske skal du leite lenge etter, og trass i at dei sannsynlegvis er det mest brannfarlege tøfleparet i heile verda elskar eg dei! Og dei skal få lov til å vere med meg på lesesalen og på hyttetur og til frukostbordet og alle andre småkjølige plassar eg kan kome til å måtte opphalde meg på over lengre tid. Eg seier atter: HURRA!

Standard

2 thoughts on “Nytt til heimen

  1. Åh, varmetøfler!!!!!Såg faktisk sånne i ein el-butikk før jul og tenkte at sånne skulle eg hatt!Er faktisk litt misunneleg på deg, dei ser veldig gode ut…Gratulerer😀

  2. Hjordor seier:

    DEi er fantastiske! Eg gjentek: fantastiske! Og dei har stor affeksjonsverdi. Far sa det var farmor som kjøpte dei medan han enno var ung kjekkas. trudde ikkje dei hadde fancy elektronikk på den tida eg. Du skal få prøve dei på fredag =)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s