Uncategorized

Pimp my varebil…


Mislikar i utgangspunktet bilreklamer. Er ikkje spesielt glad i bilar heller for den del, men når ei bilreklame trykkjer på språkknappen i meg er det gjort.

Ikkje det at der er noko fantastisk ved denne reklama, men det eine vesle grepet held for meg.

Hm. Dette er elles det ein i retorikken kallar ethosargumentasjon. Ved å vri på ein kulturelt etablert locus communis eller “felles stad” (pimp my ride) gir avsendaren uttrykk for velvilje, altså eunoia overfor tilhøyraren ved å gjere nytte av humor. Idet tilhøyraren tek vitsen og smiler for seg sjølv har avstanden mellom avsendaren og mottakaren minka ein ein heil del. Dei er på “bølgelengde”. Det felles referansepunktet gir dessutan avsenderen ein fordel i form av gratisreklame. Tilhøyraren vil kanhende kome til å tenkje på den fiffige varebilreklama han såg kvar gong han heretter høyrer linja “pimp my ride” bli sitert…

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s