Uncategorized

Perikles talar til folkeforsamlinga

Medan Hjørdis M. er i ferd med å utdanne seg til arbeidsløyse. Ser ho mørkt på framtida? Definitivt ikkje. Eg har altfor mange B-planar opp i ermet til at dette kan gå gale. Eg kan ta over garden og bli bonde, eg kan skrive bøker og innynde meg i eit eller anna pretensiøst nynorsk tidsskrift med påfallande låge lesartal, eller eg kan åpne den kosemoselegaste kaféen i manns minne, der kaffikoppane er store og stolane gir etter når du sett deg i dei. Dit vil eg invitere alt kjentfolket til sosialt samkvem i tide og utide, saman skal vi skipe ein kulturell institusjon som ikkje eig motstykke i si samtid. Eg kjem til å gå i underskot so det susar og eg skal gifte meg med ein rik, heilstøpt, fantastisk kar som gong på gong skal understreke kor viktig det er å ikkje hefte seg ved pengane når ein har viktigare ting, som til dømes livskvalitet å tenkje på. Vi skal gje all restematen til dei fattige, vi skal ha vårt eige vesle bibliotek på bakrommet, der spesielt interesserte kan låne og legge at bidrag. Men først bør eg kanskje kvitte meg med A-planen. Eller realisere han, alt ettersom. Kanskje er det liv laga å vie livet sitt til etteraping av Perikles verbale krumspring likevel. Tida får vise. La oss gripe etter dei mest velfødde halmstråa og “se hva som skjer…”
Standard

3 thoughts on “Perikles talar til folkeforsamlinga

  1. A seier:

    Ej he haurt at det gjeng an å få sej en heilt okei betalt jobb som skuespeler/forfatter/altmuligmenneske på VilVite dersom en e utdanna filosof🙂

  2. Hjordor seier:

    hehe,filosofi og retorikk er tross alt beslekta disiplina, so koffor ikkje kan ein kanskje seie. Eg har ingenting imot å få “altmuligmenneskje” som yrkestittel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s