Uncategorized

Rykk og napp…

Det går ikkje so fort i svingane her er eg redd. Men no fann eg omsider fram til tastaturet i kveld, etter å ha teke meg ein dryg pause. Det vil seie, eg har eigentleg vore ganske effektiv i dag. Har skrive åtte dårleg redigerte sider på bokmål om Garborg og Sjur Gabriel og naturalismen, som eigentleg ikkje heiter naturalismen lenger, men sosialromantikken, og dessutan om korleis alt dette henger saman med drikking, seksualmoral og arv og miljø.

Er det rart eg er sliten i toppetasjen?
Er det rart det er rotete på rommet mitt?
Er det rart krampa tok meg, då eg plutseleg oppedaga at innleveringsmappa ikkje eksisterte, ti minutt før fristen gjekk ut? Det vart plutselig alvor av den vesle notisen som stod nederst på oppgåvesettet og advarte mot å levere i siste liten “da erfaringen tilsier at det kan oppstå komplikasjoner om så gjøres”. Eg banna og svor, eg prøvde og ringe til fakultetet mitt og til studiekameratar og nesten til mamma. Eg var på nippet til å velte kaffi over tastaturet for å kunne bruke det som provmateriale i ein eventuell framtidig krangel med resepsjonistane på infosenteret, då eg plutseleg kom til å trykke på ein snill knapp. Ein knapp som tydelegvis førte meg strake vegen inn i den mappa eg hadde bruk for. Eg skalv som eit vettskremd ospelauv og stava mitt eige namn feil tre gonger før eg fekk lagra dokumentet rett. Kvitteringa eg fekk på epost i etterkant kunne fortelle meg at leveringa hadde skjedd med 2minutts margin. Og eg tenkte, som eg plar tenkje ved slike høve: Aldri igjen!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s