Uncategorized

Slik gjeng no dagane…

Ja, det var det. Sommaren er snart komen til ein ende og stadig fleire dagar glepp forbi som dogg for sola. Mange av dagane går vekk til jobb som vanleg, i mitt tilfelle er det Hordaheimen som står for sysselsetjinga. Eg har etter kvart blitt ei slags hotellpotet. Brukande til det aller meste, og flittig brukt. I dag til dømes var det eit par britar som kommenterte at: “You just keep popping up everywhere! Do you live here?”
Vel, eg har ikkje tenkt å la det gå so langt, men det er ikkje til å stikke under ein stol at tanken har streifa meg. Når klokka har bikka halv tolv på natta og du skal på jobb att om ei åtte-ni timar kan det stundom synest litt tungvint å måtte gå heim for å søve. Mi vante stilling på hotellet er som oppvaskar, ein fin liten jobb, som mellom anna gir utbytte i kveldstillegg og masse gratis restemat. Kven skulle tru at kålrulettar og steikt servelat nokonsinne skulle få status som standardinventar i kjøleskåpa?

Av og til er vi fleire om godbitane. Her ser vi min kjære kjøkkenmakker Natalie som viser fram det som er att av kaffisjokkoladekaka til Jorunn, etter at slikkepotten har vore på ferde. Nam….

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s