Uncategorized

Kjønnsskiftekalas

Kom til at også årets sumarfest måtte forevigast i residensen. Steinar og Rita inviterte kvinner og menn til eit grenseoverskridande gilde der reker og lauspuppar var viktige ingrediensar. Det er ei tragedie at vi aldri tok noko gruppebilete denne kvelden, for mange hadde gjort seg svært flid på kostymefronten. Det var ikkje spart på korkje speaialeffektar eller glitter. Regnet vart stilfult trossa av festtelt med juletreljos i og godt humør. Hurramejhei!

Regn -inga hindring! Solbriller er moteriktig tilbehør uansett klimatisk forhold.
Det hadde vore moro å visst kor mange bilete som vart tekne til saman denne kvelden. Ikkje få vil eg tru. Min tellar låg på sånn sirka 250 stykk. (det er nseten slik eg må ha brukt meir tid på å knipse enn på å ta del i festligheitene, uggh, håpa eg ikkje vart for plagsom)

Hva som her skjer, vites ikke… “Æsj Erle! Sånn æin hæsli ettervækst kan itj du gå rondt me!”


Mr. Corleone pattar nøgd på ein fyldig sigar.

Steinar er tydeleg skeptisk til denne druekvasten, som er tiltenkt funksjon som isbit om litt.

Det er kanskje ikkje heilt slik ekte mannfolk har for vane å stelle ansiktshåra sine, men Herman har sine knep for å blåse liv i utgnikka snurrbartar.

Herman presterte å ramle heimover utpå morgonkvisten utan å ha teke med seg korkje nøklar, pengebok, telefon eller sko, i kjent stil. Mirakuløst nok greide han heldigvis å skifte kjønn igjen (nesten) tidsnok til å kome seg på jobb dagen etter. Bittelitt fyldigare augebryn enn vanlig kanskje, men ingen av spanjolane lot seg hefte vidare med det, og la meg få lov til å uttale meg på herremannen sine vegne. Det var verdt det. Ja, det var det. =)

Standard

2 thoughts on “Kjønnsskiftekalas

  1. Stine seier:

    Haahaha, så ikke dette før nå. Mange blinkskudd, mange blinkskudd… Jøje meg for en kveld det var.🙂

  2. Stine seier:

    Forresten ganske vittig at Gøran og enkefru Aud Jensen hadde identiske ansiktsuttrykk på det øverste bildet.🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s