Uncategorized

Sommarferie del 2

Ja, då var vel ferien snart komen til endes for denne gongen. Rett nok er det ei stund til før ein må byrje på pensumlitteraturen, men litt arbeid må til. Må ha litt opplagsnæring på kontoen før vi kan tre inn i kvardagen att. Dermed må eg leggje solskinsdagane på øya bak meg og spankulere inn i det fuktige Bergenslivet. Hordaheimen here I come. Eg lengtar litt heim alt no. Skulle tru det vart nok, at ein fekk dosen sin og helst ville koma seg derifrå etter nokre veker. Men nei, det er nett som om tida går sin eigen gang heime på øya. Ho flyg sin veg før du får sukk for deg, men gjeng likevel så forunderleg sakte medan du er i siget. Her er bilete frå fisketur, fekk rett nok ikkje mykje fisk, men så er då heller ikkje det poenget.

No har eg flytta ut av kollibrireiret og inn i noko som kanskje heller kan karakteriserast som eit hi. Eg har god plass, kvite veggar (so lenge det varer) mitt eige vesle bad og golv-til-golv-teppe. Uggh. Elles kan vi nemne eit herpa kleskåp, skeivt golv, ein god gyngestol og eit stykk eksemplarisk gipsrosett, som (merk) ikkje har blitt skjenda av medvitlause veggbyggjarar.

Det var det, ei lita oppdatering. I morgon skal eg på jobb i rom-avdelinga etter å ha vore vekke i lang tid. Det kan bli rart. Eg har ikkje arbeidsklede *goddamit*

Sumarklemmar

Standard

2 thoughts on “Sommarferie del 2

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s