Uncategorized

Sommarferie

Då er eg attkomen til den kjære holmen min. Det er ingen plass i verda eg kjenner meg like heime som her. I det store skeive huset vårt, med gardseffektar og restar av dillene na mor liggjande i alle krikar. Eg likar dei lune små romma og dei gamle utskårne møblane som må støttast opp med treklossar for å stå beint. Eg likar alle dei gamle familiebileta og den sørgmodige knirkinga i trappa som pla varslar om at “no gjeng far i fjøset” tidleg om morgonen. Og den grovt overdimensjonerte hagen, som det er eit mareritt å klippe plen i, på grunn av alle frukttrea og bærbuskene. Desse har grodd seg saman til ein liten skog i nestehagen. Plenklipparen har ikkje ein sjanse. På plattingen står hammocken, klar for horisontalchilling og lesestunder. Eit teppe, ei pute i ryggen og ein cd-spelar i vundauget, er alt som skal til for å skape sitt eige vesle paradis.

Det rart og sjå korleis smått og større endrar seg mellom kvar gong eg stikk snuten heimom. Plutseleg har vi fått eit nytt epletre i hageskogen, mor og far har bytta ut yatzee med eit nytt pausespel, eller det har grodd ut ein ny vegg i gamlestova. Ting skjer, i rykk og napp, men fundamentet er det same.

Eg har tenkt å vere her ei stund. Det kan sjå ut til at eg får jobba ein del i fjøset om eg vil, kanskje blir ikkje den neste månaden like lat som eg hadde frykta. Sannsynlegvis kjem eg til å selge Roskilde-biletten min og heller prøve å få til ein hyttetur eller lignande. Fiske litt, skrive, gjere slike ting som ein berre finn ro til å gjere her ute. Eg håper biblioteket er ope, eg kan trenge litt pauseunderhaldning og andeleg føde.

No må eg gå og hjelpe far å jamne. Det er slåttetid og nok å ta tak i. Graset må i hus, trebolene må ignorerast eller plastrast. Hepp, folket i arbeid!

Standard

One thought on “Sommarferie

  1. Runa seier:

    Hjordis mi, no saknar eg deg!!!Eg vil og til Longva. Vil gaa over Skulen, vil plukke neter og bade i Vikane (kanskje ikkje samstundes)… Ha det aldeles flott heime og paa fjelltur. Skitt fiske og spiss blyant! Forgloym meg ei.Me sja(a)ast i Allégaten i august!Suss

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s