Uncategorized

Eg tek hintet -ny frisk

No har det gått for langt, målestokken har kome til ein ende og vi tell ikkje lengre dagane, vi berre godtek at dei har gått, går og vil gå.
Det tuslar i veg i omlag same rytma som førut.
Ikkje marsjfart, men vi heng på.
Stødige steg for det meste.
Litt halting her og der.
Men litt halting har aldri skada korkje fluger eller menneskje.

Men tenk, ja tenk det Hedda, ting skjer når små grå rottar seg saman til dyst. Det er på tide å atter entre mansesjen på ny, for å vise dei klappande selungane og den sjølvsentrerte løvetemmaren det, at somme ikkje har latt seg knekke av keisemda, men tek oppgjer, vaskar skitne golv og revitaliserar slitne verdsvevsider.

Nok pjatt, la oss ta igjen det tapte.
For kven veit kor lenge sidan kom eg heim frå Kinalandet med skrapa bankkonto og mange nye fregner over nasen. Sidan den gong har det gått mykje i eksamenshelvette-lesing og tilfeldig sosialisering. Eg har blitt lei av kaffi, men trur ikkje det er vedvarande. Snart vil eg finne tilbake til kopp og leselyst, men ikkje enno. Eg skal flytte i løpet av ei veke. Eg gler meg til prosessen. Det er noko veldig fint ved å pakke ut igjen livet sitt på ein ny plass, du finn så mange rare ting i baggasjen som du trudde du ikkje du åtte. Og det er tid for prioritering. Ikkje alt kan vere med, ein sorterar vekk alt det gamle som ikkje lengre har noko ved seg og sit att med ei reinsa kjerne og kvite veggar. Det er ikkje like kjekt å pakke ned som å pakke opp, men det har sine sider. Eg må finne meg nokre pappkasser, det er på tide. Forutsett at ho eg skal ta over rommet til ikkje gjer seg vrang og aldri ringer tilbake slik at eg aldri får vite når eller korleis eller kva som skal gjerast når. Men den tid, den sorg. Forøvrig er eg litt redd, men nok om det. Det går sikkert bra.

No har det seg slik at stakkar Mjøsina (les: Jorunn) har havna på sjukehus med mageverk. Eg kjenner meg kalla til å gå på sjukevisitt. Når eg Kjem heim skal eg lage reinsdyrsteik. Det blir bra. Måtte det gro blomar ut or veggande våre og måtte sola glane over verdi og gjere ho ljos og god å leve i.

Takk for nu, I’ll be back…

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s