Uncategorized

10 ting

Ein fiffig liten fyll-inn-sak.
Eg er svak for slike, og kastar meg over lista etter oppfordring frå Anne

10 ting om meg:

  • Mitt favorittbrettspel er Scrabble
  • Eg studerar retorikk og nordisk ved universitetet, men det eg hugsar best frå studiane so langt , er kva kjerneelement som bør vere med I ei eventuell drøfting av det relative elementet ved patrilineære slektskapsmønster i beduinstammer i det sydlege Saudi-Arabia… Akk…
  • Av og til høyrer eg på musikk som eg synest er stygg lenge, fordi eg trur at den skal bli bra dersom eg berre held ut litt til
  • Eg veit mykje meir om kyr og mjølkeprodukt enn kva ein skulle tru
  • Har hatt hovudverk berre ein gong i heile mitt liv
  • Har ein lakseraud sofa med brune og grøne fjørkre på, som heiter heiter “Kollibrien”. Derfor kallar vi kollektivet vårt for Kolibrireieret
  • Har spelt bariton i 6 år
  • Eg går nesten ikkje i bukser lengre
  • Eg drikk mykje kaffi, men reagerar ikkje på koffein
  • Eg er ein parodi på meg sjølv

9 ting eg vanlegvis har med meg:

  • skrublyant, viskelær og eit utval tusjar
  • teikneblokk
  • nøkkelknippe
  • studentkort (sctøggaste biletet)
  • Lommelerke(knis)
  • musikkspeledings
  • paraply
  • Vassflaske
  • ein eller annan sangtekst i tilfelle kjedsommelege tidslommer(prøva å utvide repetoaret)

8 ting som irriterar meg:

  • Sko… Generelt sett eigentleg. Dei er eit problem.
  • Nuppane på overarmane mine
  • 7-11 sine reklamekampanjer
  • Strømpebukser som sig (!)
  • Å vente på at folk skal levere tilbake ting dei har lånt, forgjeves.
  • kokt makaroni på kjøkkengolvet når eg akkurat har teke på meg nye sokkar.
  • Baksida av studvest.
  • post-it-lappa som ikkje heng fast slik dei skal

7 steder eg har vært i dag: (oi, ditte kan bli pinligt… Ej tek med alt frå midnatt av ej *GLISE*

  • På ein snurr
  • Kvarteret
  • På torgallmenningen (ca midt på, der eg fann ei klissblaut ruke av ullstrømpebukse! Som eg IKKJE plukka opp, men lurte veldig på korleis ho ha kome dit. (why?))
  • På badet
  • I senga mi (under dyna)
  • I senga mi (oppå dyna)
  • På sofaen

6 ting eg vil gjere før eg døyr:

  • Kysse ein framand i edrueleg tilstand
  • Lese meg opp på russisk samtidslitteratur (haha! Kremt, kanskje ikkje, eller jo, kanskje)
  • Lære meg å spele eit instrument skikkeleg
  • Snakke med helium på stemmebandet
  • Kjefte huda full på nokon, med bruk av sctøgge ord og kanskje litt uskyldig fysisk vold
  • Leva livet (hehe)

5 ting eg er redd for:

  • Pompel og Pilt
  • Å gå til tannlekjaren (ikkje generell angst, men nett no er det ganske skummelt)
  • Å bli avslørt
  • Fonologibiten av eksamen
  • Skiva leverpostei

4 ting eg gjer kvar dag:

  • Jogga til Fløyen (eventuelt; gjeng til sydneshaugen)
  • Tygg
  • Snakka tull med hybelmakkerane mine.
  • Drikk kaffi

3 ting jeg prøver å ikke gjøre akkurat nå:

  • Bite på munnsåra mine
  • reflektere over kor komplett sløv denne dagen har vore
  • skrive dumme ting slik at folk som kanskje kan kome til å lese dette, trur eg er ei asparges-hjerne (om forlades ekkel assosiasjon)

2 personer jeg savner akkurat nå:

  • mor og far

1 måte å vinne hjertet mitt på:

  • lodd selgast i ein kiosk nær deg. Ver rask (og bra), konkurransen er knallhard!
Standard

2 thoughts on “10 ting

  1. Hjordor seier:

    Uff da, Oddny he teke på seg strengemaska… Okay, ej skal halde mej i nakkeskinnet og rette på skjegget. =P

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s