Uncategorized

Spørsmål du synest det er minst like ille å spør som å bli spurt…

Oss gjer ei ca-fem-på-topp-greie…

  1. Gjeng det bra? (I ein “du e sikker på at du ikkje e på gråten no, sant?-kontekst” er det greit, om enn litt ubehageleg, å stille dette spørsmålet. I den kvardagslege “hei på du-konteksten” derimot, er dette utsagnet alltid like flaut. Korleis skal den du spør svare dersom det ikkje gjeng noko særleg bra? Kanskje er det like greit at ni av ti gir følgjande respons: “Joda, det gjeng bra med mej… (pinleg pause) …med dej då, alt vel?”, for dei få gongane nokken prøva å seie noko meiningsfullt tilbake, blir begge paralysert i eit slags vakum, der dokke prøva å dekode situasjonen og tenkjer: “skulle ikkje dette vere ein provosorisk; hei- i gangen-joda ej veit at du eksistera og vil gjerne finne på nokke en dag-samtale”
  2. Æh, trur du ej kunne lånt mobltelefonen din litt? Ej he ikkje meir straum att… igjen… og lova at ej skulle sende ei melding om noko veldig viktig til nokken i løpet av kvelden. Klassisk keitete dersom ingen av dei som tilfeldigvis sit rundt deg kjenner deg særleg godt, og dermed heller ikkje kjenner noko ansvar for å vere den som melder seg frivilleg til å demontere pipedingsen sin for deg.
  3. Ka dag det var du måtte ha straumpengane innan? Kunne eg fått kontonummeret ditt igjen? Eg har visst rota vekk lappen eg fekk med deg. Det er sjølvsagt ikkje mindre enn tre veker sidan den straumregninga vart betalt og du er klinkande klar over dette. Du forstår idet du spør, at den spurte også er veldig klar over at du er klar over dette. Nok ein gong får du demonstrert din komplette ignoranse for andre menneskje si tid og den innsatsen dei gjer for å legge til rette for livet ditt.
  4. Er det du som har laga deg mat? (Underforstått; er det di skuld at kjøkkenet ser ut som eit bomba horehus? Trur du du kunne tenkje deg å finne fram ein klatt stålull og desinfisere ei av dei fire (!) grytene du har svidd inn med makaroni, slik at eg, som ikkje har ete noko anna enn eit eple sidan lunsj kan gjere nytte av henne?) Alt stend skrive med store bokstavar mellom linjene.
  5. Er det nokon andre som har lest, eller? Knugande stillstand i kollokvierommet.
  6. Du… Dei 500kr du skyldar meg, er dei langt ute i periferien eller? (Ikkje noko å stresse med altso) Å joda, sjølvsagt er det ein indikasjon på at tilbakebetaling bør iverksettjast snarleg. Det er ein grunn til at du føler deg kalla til å nemne det for vedkommande, vi prøver å elliminere eit irritasjonselement i vennskapet, men endar opp i ein diskusjon om kor vidt det eigentleg var so mykje som 500 kr det var snakk om. Svært lite stas måte å legge brakk ein god tone på…

Andre klassikarar eg burde ha teke med?

Standard

5 thoughts on “Spørsmål du synest det er minst like ille å spør som å bli spurt…

  1. A seier:

    Hehehe, du glømte “Du, ej huskakje heilt navnet ditt” når du treff på en eller anna som du he møtt ca 35 gonga før, men uten at vedkomande he klart å gjer et såpass nevneverdig inntrykk at hjerna registrera en tråd mellom namnet og ansiktet…

  2. Hjordor seier:

    Å ja, sjølvsagt! Korleis kunne ej gløyme den. Sannsynlegvis fordi eg aldri spør det spørsmålet. Enten e ej TEIT nok til å rekke ut handa mot vedkommande, i den tru at ej aldri he sett dei før, eller so prøva ej å sno mej unna ved momling og lignande. (Utan at det bruka å virke i særli grad.)

  3. A seier:

    Gratulerer med vel overstått navnedag! Meinte bestemt at du hadde bursdag i desse dager også, så etter å ha sjekka i jukseboka sørger ej no for å ver på den sikre sida og seier <>Gratulerer med dagen!<> ei veke på forskudd🙂

  4. Stine seier:

    Og så føles det alltid litt usikkert å spør om nokken e gravid. Det kan jo vær at dei bare e glad i sjokoladekake. uansett; ej lar vær så langt ej kan. Forresten så blei ej spurt om ej va “i omstendigheter” her en dag. Tror hun som spurte ble mer flau enn meg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s