Uncategorized

Fyrverkeridagen

Det kan sikkert diskuterast kor vidt det er fyrverkerifrekvensen som er mest iaugefallande ved denne dagen, men eg synest klangen av ordet gav eit godt avspark, difor let eg det henge ved likevel. Det har ikkje skjedd stort i dag. I dag tidleg vakna eg til live ved eit kjøkkenbord og to tomme pizzaboksar. Først synest eg dette var rart, men om litt slo det meg at situasjonen eg no var i, kanskje var det logiske utfallet av mitt meir eller mindre enthusiastiske samtykke til pizza-nachspel nokre timar tidlegare. Mistanken fekk ullraggar på fotane når ei seks-sju velkjende fjes kom til syne gjennom raudvinståka eg omga meg med på det dåverande tidspunkt.

Nok var nok for denne gongen. Eg tok med meg Mjøsina, eit skjerf og ei veske, takka for meg (forhåpentlegvis utan å snøvle for gale) og tok heimvegen fatt. Dei som har med meg å gjere på jamna har kanskje lagt merke til at eg syt ein del over det, at eg alltid endar opp i festleg lag dei dagane eg har gummistøvlar på. Ironisk nok var det ingenting som hang høgare på ynskjelista akkurat der og då, enn gummistøvlar. Regnet hølja ned, i brutale mengder og vaska vekk siste rest av vinterstemning frå bybiletet. Det surkla godt i høghelane der vi kava oss framover gjennom styggeveret.

Det er vel strengt teke ikkje nødvendig å meddele at det tok sine langdryge stunder (og vassglas) før Søndagen greide å kravle seg over dørstokken til vaken tilstand. Eg har drukke masse te og sett ytterlegare to episodar Six Feet Under, lest tre kapittel av ei middels god bok og gjort ei rekke tafatte forsøk på å rydde klesskåpa mi. Sannsynlegvis kunne dryge to tredjedelar av innhaldet ha vore gitt vekk til veldedige formål, utan at eg ville registrert det i det heile. Det tok seg likevel opp mot slutten, då eg vart med Dorte og kompani på stumfilmvisning i raudekyrkja. Filmklubben klinte til med eit forrykande, (eller i allefall) veldig interessant konsept, og viste “The Passion Of Jeanne D’Arc” for stinn brakke (dvs kyrkje) no i kveld. Mektige saker, med orgel i bakgrunn og sterke tema på skjermen. Sentrale stikkord var: Gud, djevel, torturkammer, manneklede, blasfemi, munkemåne og kunstgrining i storstilt skala. Jeanne vart brent på bålet til slutt fordi ho ikkje ville tilstå at mørkemaktene hadde hatt en finger med i spelet då ho vann slaget mot dei britiske blodhundane i andre akt av hundreårskrigen.

Det er snart leggetid for snille jenter. Sannsynlegvis er eg på overtid alt no. Eg skulle ha lest 400 sider oppbyggeleg litteratur til i morgon. Noko seier meg at det punktet på dagens gjeremålsliste gjeng ut med høge knespark og kanskje litt fyrverkeri.

God natt frå moi. Schalfen güt!

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s