Uncategorized

Etter leggetid

Det hadde vore fint å ha eit mantra. Eit godt ord, eller ei passe svulstig setning eg kunne ha repetert i mitt stille sinn, av og til. Tori hadde ei fin lita bok eg fekk lese litt i då eg var på vitjing forrige veka. Denne fine vesle boka hadde flust av mantra i seg. Det var berre å velje og vrake. Den gav ei viss innsikt. Men kva den gav innsikt i er eg ikkje heilt på det reine med. Den hevda mellom anna, at dersom eg var plaga med fotsopp, var dette eit teikn på at eg ikkje pustar i trå med legemets indre rytme, men tok for lange, og for oppildna steg på livets veg. (fritt gjengitt) Botemiddelet var å seie til seg sjølv, i kvar ledige stund, at “Du er et gudommelig vesen i harmoni med deg selv, som puster etter universets rytmiske trommeslag”

Kanskje var det berre meg, men det hjalp på eit vis, ikkje mot fotsopp vel å merke, men kanskje mot greinaløysa. Det er kjærkomment å kunne snakke om meininga med livet i ny og ne, om reinkarnasjon, telepati og den vage kjensla av kulde i eit rom der samtalen har gått dit peparen grør og folk tek til å kjenne stygge ting. Fint å kunne gjere seg tankar om ting som er for store til å fatte frå tid til anna.

Det er mørkt ute, og veldig stille i heimen. Kanskje eg burde pusse tennene mine og legge meg til å sove? Jo, det er ein god plan.

Nattemantra: Eg er gudommeleg og vil ikkje la materielle laster, som virus og hovne mandlar kome mellom meg og Jon Blund, som ventar på meg med månestøv i handa.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s