Uncategorized

Hootchie Mama viser siste skrik…

Her forleden signe juledagsmorgon skulle eg tøme kameraet mitt for bilete, slik at nye bilete kunne smyge seg inn i det utan å måtte redusere seg sjølv til skabbete pixelfattige skuggar.
Midt mellom alle mine ferieminne og landskaplege venleikar dukker denne umiskjennelege lekkerbiskenen fram.

Det vart snart soleklart for undertegnande at ho bør la kameraet sitt ligge lett henslengt på stovebordet utan tilsyn oftare. Kvifor slite og trakte etter å sjølv forsyne arkivet med fiffige motiv og stemningsrapportar, når dei beste bileta blir tekne heilt av seg sjølv?

Eit uttrykk for ein kua trang til å posere? Er Runa aspirerande magedanserinne, utan at ho har teke seg bryet med å meddele denne sida ved seg sjølv til sine næraste. Var det tvilsomme flytande substansar eller ein plutseleg fyrrig impuls i hjartet hennar som framkalla slik frilynt adferd?

Forhåpentlegvis vil ikkje madammen sjølv bli støtt av min publikasjon, men derimot bifalle den publikasjon som her har blitt gjort til inspirasjon for dei andre der ute som kan vere truandes til å ikle seg lignande gevantar forut for byferd, men ikkje heilt tør, eller kvier seg for konsekvensane.

Eit slag er slått for individuelle kleskodeksar og subjektiviserte normar.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s